Numbers 26
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten:Select Numbers 26:1
2«Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!»Select Numbers 26:2
3So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:Select Numbers 26:3
4«Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var.Select Numbers 26:4
5Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu,Select Numbers 26:5
6hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi.Select Numbers 26:6
7Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet.Select Numbers 26:7
8Son åt Pallu heitte Eliab.Select Numbers 26:8
9Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren,Select Numbers 26:9
10og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl.Select Numbers 26:10
11Men sønerne åt Korah miste ikkje livet.Select Numbers 26:11
12Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin,Select Numbers 26:12
13zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul.Select Numbers 26:13
14Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann.Select Numbers 26:14
15Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni,Select Numbers 26:15
16oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri,Select Numbers 26:16
17aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli.Select Numbers 26:17
18Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann.Select Numbers 26:18
19Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan.Select Numbers 26:19
20Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah.Select Numbers 26:20
21Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul.Select Numbers 26:21
22Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne.Select Numbers 26:22
23Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva,Select Numbers 26:23
24jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron.Select Numbers 26:24
25Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra.Select Numbers 26:25
26Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el.Select Numbers 26:26
27Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann.Select Numbers 26:27
28Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim.Select Numbers 26:28
29Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta.Select Numbers 26:29
30Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek,Select Numbers 26:30
31asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem,Select Numbers 26:31
32semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer.Select Numbers 26:32
33Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.Select Numbers 26:33
34Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne.Select Numbers 26:34
35Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan.Select Numbers 26:35
36Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran.Select Numbers 26:36
37Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira.Select Numbers 26:37
38Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram,Select Numbers 26:38
39sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam.Select Numbers 26:39
40Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman.Select Numbers 26:40
41Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet.Select Numbers 26:41
42Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira;Select Numbers 26:42
43Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 26:43
44Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria.Select Numbers 26:44
45Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel.Select Numbers 26:45
46Dotter åt Asser heitte Serah.Select Numbers 26:46
47Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne.Select Numbers 26:47
48Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni,Select Numbers 26:48
49jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem.Select Numbers 26:49
50Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann.Select Numbers 26:50
51So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann.Select Numbers 26:51
52Og Herren sagde til Moses:Select Numbers 26:52
53«Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet.Select Numbers 26:53
54Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner.Select Numbers 26:54
55Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget.Select Numbers 26:55
56Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.»Select Numbers 26:56
57Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari.Select Numbers 26:57
58Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram.Select Numbers 26:58
59Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira.Select Numbers 26:59
60Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.Select Numbers 26:60
61Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn.Select Numbers 26:61
62Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim.Select Numbers 26:62
63Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko.Select Numbers 26:63
64Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi.Select Numbers 26:64
65For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.Select Numbers 26:65
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain