Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 27

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -Select Numbers 27:1

2dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde:Select Numbers 27:2

3«Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner.Select Numbers 27:3

4Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!»Select Numbers 27:4

5Moses bar saki deira fram for Herren.Select Numbers 27:5

6Og Herren sagde til Moses:Select Numbers 27:6

7«Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim.Select Numbers 27:7

8Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.Select Numbers 27:8

9Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;Select Numbers 27:9

10og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;Select Numbers 27:10

11men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»»Select Numbers 27:11

12Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne.Select Numbers 27:12

13Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg,Select Numbers 27:13

14av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn.Select Numbers 27:14

15Då tala Moses til Herren og sagde:Select Numbers 27:15

16«Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,Select Numbers 27:16

17som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!»Select Numbers 27:17

18Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans,Select Numbers 27:18

19og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira,Select Numbers 27:19

20og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom.Select Numbers 27:20

21Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»Select Numbers 27:21

22Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden,Select Numbers 27:22

23og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.Select Numbers 27:23

Next: Numbers 28Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.