Skip to content
Church.wiki
Numbers

Numbers 3

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet:Select Numbers 3:1

2Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar.Select Numbers 3:2

3Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet.Select Numbers 3:3

4Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo.Select Numbers 3:4

5Og Herren tala til Moses, og sagde:Select Numbers 3:5

6«Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp.Select Numbers 3:6

7Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset.Select Numbers 3:7

8Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset.Select Numbers 3:8

9Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket.Select Numbers 3:9

10Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»Select Numbers 3:10

11Og Herren tala meir til Moses, og sagde:Select Numbers 3:11

12«Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.Select Numbers 3:12

13For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»Select Numbers 3:13

14Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde:Select Numbers 3:14

15«Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.»Select Numbers 3:15

16So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd.Select Numbers 3:16

17Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.Select Numbers 3:17

18Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i.Select Numbers 3:18

19Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.Select Numbers 3:19

20Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.Select Numbers 3:20

21Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne.Select Numbers 3:21

22Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann.Select Numbers 3:22

23Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest.Select Numbers 3:23

24Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael.Select Numbers 3:24

25Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri,Select Numbers 3:25

26og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det.Select Numbers 3:26

27Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne.Select Numbers 3:27

28Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi.Select Numbers 3:28

29Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset.Select Numbers 3:29

30Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel.Select Numbers 3:30

31Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det.Select Numbers 3:31

32Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.Select Numbers 3:32

33Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne.Select Numbers 3:33

34Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann.Select Numbers 3:34

35Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset.Select Numbers 3:35

36Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det,Select Numbers 3:36

37og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til.Select Numbers 3:37

38Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.Select Numbers 3:38

39Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann.Select Numbers 3:39

40Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet,Select Numbers 3:40

41og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.»Select Numbers 3:41

42So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom.Select Numbers 3:42

43Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti.Select Numbers 3:43

44Då sagde Herren til Moses:Select Numbers 3:44

45«Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren.Select Numbers 3:45

46Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,Select Numbers 3:46

47skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren,Select Numbers 3:47

48og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.»Select Numbers 3:48

49So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne;Select Numbers 3:49

50av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt -Select Numbers 3:50

51og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.Select Numbers 3:51

Next: Numbers 4Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Numbers

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.