Skip to content
Church.wiki
Obadiah

Obadiah 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Syni hans Obadja. So segjer Herren, Herren til Edom: Fretnad hev me fengje frå Herren, og bod er bore ut millom folki: «Kom! Lat oss fara til strid imot det!»Select Obadiah 1:1

2Ja, liten gjer eg deg millom folki, og ovleg vanvyrd vert du.Select Obadiah 1:2

3Ditt hjartans ovmod hev dåra deg, du som i bergrivor byggjar, og bur i den høge heimen og segjer i ditt hjarta: «Kven kastar meg ned?»Select Obadiah 1:3

4Um du enn byggjer høgt som ørnen, og reiret ditt ligg millom stjernorne, eg kastar deg ned derifrå, segjer Herren.Select Obadiah 1:4

5Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - kor du vert reint til inkjes! - Vilde dei ’kje stela det dei trong? Og kom dei og hausta ditt vinberg, vilde dei ’kje leiva etter seg?Select Obadiah 1:5

6Å, kor dei ransakar Esau, kor dei granskar hans skattar!Select Obadiah 1:6

7Radt til landskilet driv dei deg alle dine sambandsbrøder; dei svik deg og vinn på deg dine gode vener. I staden for brød legg dei snara for deg som ikkje hev vit.Select Obadiah 1:7

8Skal eg ikkje den dagen, segjer Herren, øyda ut dei vise or Edom, og vitet or Esaufjelli?Select Obadiah 1:8

9Dei fæler kjemporne, Teman, so kvar mann or Esaufjelli vert utrudd og drepen.Select Obadiah 1:9

10For vald imot Jakob, bror din, skal du sveipast i skjemsla, ja, øydast til æveleg tid.Select Obadiah 1:10

11Den dagen du stod der og såg på, då framande rana hans eiga, og utlendingar kom i hans port og kasta lut um Jerusalem, då var du og som ein av dei.Select Obadiah 1:11

12Sjå ikkje med hugnad på bror din’s dag, på hans motgangsdag, og gled deg ei yver Juda-borni, på øydingsdagen, og bruk ikkje bause ord på trengsledagen!Select Obadiah 1:12

13Drag ikkje inn igjenom mitt folks port på uferdsdagen! Sjå ikkje du og med lyst på hans naud på uferdsdagen! Rett ikkje handi etter hans eiga på uferdsdagen!Select Obadiah 1:13

14Og ikkje du stande ved vegemot til å rydja ut deim som rømar! Og fli ikkje ut deim som bergar seg på trengsledagen!Select Obadiah 1:14

15For Herrens dag er nær yver alle folki. Som du hev gjort, skal det gjerast med deg, di åtferd kjem att yver hovudet ditt.Select Obadiah 1:15

16Som de hev drukke på mitt heilage fjell, skal alle folki drikka stødt, ja, drikka og slurpa og verta som aldri dei vore til.Select Obadiah 1:16

17Men på Sionsfjellet skal det vera ein flokk av frelste, og det skal vera ein heilagdom, og Jakobs hus skal få att si odelseiga.Select Obadiah 1:17

18Og Jakobs hus vert eld og Josefs hus ein loge, og Esaus hus vert til halm og eld set dei på det og øyder det ut, og ingen vert att av Esaus hus, for Herren hev tala.Select Obadiah 1:18

19Og Sudlands-folket skal taka Esaufjellet og Låglands-folket filistarane, dei skal taka Efraims-bygdi og Samaria-bygdi, og Benjamin skal taka Gilead.Select Obadiah 1:19

20Og dei burtførte av denne fylking av Israels-borni skal taka det som finst av kananitar alt til Sarefat, og dei burtførde frå Jerusalem som er i Sefarad, skal taka Sudlands-byarne i eiga.Select Obadiah 1:20

21Og frelsarar skal draga upp på Sionsfjellet og døma Esaufjellet, og kongsveldet skal høyra Herren til.Select Obadiah 1:21

Next: Jonah 1Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Obadiah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.