Philippians 2
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Er det då nokor trøyst i Kristus, er det nokor hugsvaling i kjærleik, er det noko samfund i Anden, er det nokor medkjensla og miskunn:Select Philippians 2:1
2so gjer mi gleda fullkomi, so de hev same hug, med di de hev same kjærleiken og samlyndte hev den eine hugen,Select Philippians 2:2
3ikkje gjer noko av stridssykja eller lyst til tom æra, men i audmykt vyrder kvarandre høgre enn dykk sjølve.Select Philippians 2:3
4Sjå ikkje kvar på sin eigen bate, men kvar på baten til dei andre og!Select Philippians 2:4
5Lat dette huglaget vera i dykk, som og var i Kristus Jesus,Select Philippians 2:5
6han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit ran å vera Gud lik,Select Philippians 2:6
7men gav sjølv avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, med di han kom i likning med menneskje, og då han i åtferd var funnen som eit menneskje,Select Philippians 2:7
8nedra han seg sjølv, so han vart lydug alt til dauden, ja til dauden på krossen.Select Philippians 2:8
9Difor hev og Gud storleg upphøgt honom og gjeve honom det namn som er yver kvart eit namn,Select Philippians 2:9
10so i Jesu namn skal kvart kne bøygja seg, deira som er i himmelen og på jordi og under jordi,Select Philippians 2:10
11og kvar tunga skal sanna at Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders æra.Select Philippians 2:11
12Difor, mine kjære, liksom de alltid hev vore lyduge, so arbeid, ikkje berre som i mitt nærvære, men no endå meir i mitt fråvære, på dykkar frelse med age og otte!Select Philippians 2:12
13For Gud er den som verkar i dykk både å vilja og verka for sin gode vilje.Select Philippians 2:13
14Gjer alt utan murring og tvilsmål,Select Philippians 2:14
15so de kann vera lastelause og reine, Guds ulastande born midt i ei ukyndt og rangsnudd ætt, der de syner dykk som ljos i verdi,Select Philippians 2:15
16med di de held fram livsens ord, meg til ros på Kristi dag, at eg ikkje hev laupe til unyttes eller arbeidt til unyttes.Select Philippians 2:16
17Men um eg og vert ofra, medan eg gjer altartenesta og ber dykkar tru fram til offer, so gled eg meg og gled meg saman med dykk alle.Select Philippians 2:17
18Gled og de dykk like eins, og gled dykk saman med meg!Select Philippians 2:18
19Eg hev den voni i Herren Jesus, at eg snart kann senda Timoteus til dykk, so eg og kann verta glad i hug, når eg fær vita korleis det er med dykk.Select Philippians 2:19
20For eg hev ingen med slikt eit lynde, som so ærleg kann hava umsut for dykk.Select Philippians 2:20
21For dei søkjer alle sitt eige, ikkje det som høyrer Jesus Kristus til;Select Philippians 2:21
22men hans prøvde truskap kjenner de, at liksom ein son tenar far sin, so hev han tent med meg for evangeliet.Select Philippians 2:22
23Honom vonar eg då å kunna senda straks når eg ser utgangen på saki mi.Select Philippians 2:23
24Men eg hev den tillit i Herren at eg og sjølv skal koma snart.Select Philippians 2:24
25Eg fann det naudsynleg å senda til dykk Epafroditus, min bror og medarbeidar og medstridsmann og dykkar sendemann og tenar til hjelp for mi trong,Select Philippians 2:25
26av di han lengta etter dykk alle, og var ottefull for di de hadde høyrt at han var sjuk.Select Philippians 2:26
27For han var verkeleg sjuk og dauden nær; men Gud gjorde miskunn mot honom, ja, ikkje berre mot honom, men mot meg og, so eg ikkje skulde hava sorg på sorg.Select Philippians 2:27
28Difor sender eg honom so mykje snarare, at de kann gleda dykk ved å sjå honom att, og eg vera meir sutlaus.Select Philippians 2:28
29Tak då imot han i Herren med all gleda, og haldt slike i æra!Select Philippians 2:29
30For for Kristi gjerning skuld kom han dauden nær, då han ikkje vyrde sitt liv, so han kunde bøta på saknaden av dykk ved tenesta mot meg.Select Philippians 2:30
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation