Philippians 3
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Elles, mine brør, gled dykk i Herren! Å skriva det same til dykk er meg ikkje til møda, men dykk til styrkjing.Select Philippians 3:1
2Sjå hundarne, sjå dei vonde arbeidarar, sjå dei sundskorne!Select Philippians 3:2
3For me er dei umskorne, me som tener Gud i hans Ande og rosar oss av Kristus Jesus og ikkje lit på kjøt,Select Philippians 3:3
4endå eg hev det som eg kunde lita på ogso i kjøt. Um ein annan tykkjer at han kann lita på kjøt, so kann eg det endå meir.Select Philippians 3:4
5Eg er umskoren den åttande dagen, er av Israels folk, av Benjamins ætt, ein hebræar av hebræarar, i syn på lovi ein farisæar,Select Philippians 3:5
6i ihuge ein forfylgjar av kyrkjelyden, i rettferd etter lovi ulasteleg.Select Philippians 3:6
7Men det som var meg ei vinning, det hev eg for Kristi skuld halde for tap,Select Philippians 3:7
8ja, eg held og i sanning alt for tap mot det som er so mykje meir verdt: kunnskapen um Kristus Jesus, min Herre; for hans skuld hev eg tapt det alt saman, og eg held det for skarn, berre eg kann vinna KristusSelect Philippians 3:8
9og verta funnen i honom, ikkje med mi rettferd, den som er av lovi, men med den ved trui på Kristus, rettferdi av Gud på grunn av trui,Select Philippians 3:9
10so eg må kjenna honom og krafti av hans uppstoda og samlaget i hans lidingar, med di eg vert lik med honom i hans daude,Select Philippians 3:10
11um eg då kann nå fram til uppstoda frå dei daude.Select Philippians 3:11
12Ikkje so at eg alt hev gripe det eller alt er fullkomen! men eg jagar etter det, um eg og kann gripa det, etter som eg og er gripen av Kristus Jesus.Select Philippians 3:12
13Brør, eg trur ikkje um meg sjølv at eg hev gripe det.Select Philippians 3:13
14Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfyre, og tøygjer meg etter det som er framanfyre, og jagar mot målet, til den sigerspris Gud hev kalla oss til der ovan i Kristus Jesus.Select Philippians 3:14
15So mange då som er fullkomne, lat oss hava denne tenkjemåte! og um de i noko tenkjer annarleis, so skal Gud og openberra dykk dette;Select Philippians 3:15
16berre at me, so langt me er komne, held fram i same faret.Select Philippians 3:16
17Vert mine etterfylgjarar, de og, brør, og sjå på deim som ferdast soleis som de hev oss til fyredøme!Select Philippians 3:17
18For det ferdast mange, som eg tidt hev sagt dykk og no endå segjer med tåror, at dei er fiendar av Kristi kross,Select Philippians 3:18
19dei som endar med fortaping, som hev buken til sin Gud, og som set si æra i si skjemd, dei som trår etter dei jordiske ting.Select Philippians 3:19
20For vårt borgarsamfund er i himmelen, der me og ventar Herren Jesus Kristus ifrå som frelsar,Select Philippians 3:20
21han som skal umskapa vår nedrings-likam, so han vert lik hans herlegdoms-likam etter hans kraft til å leggja alle ting under seg.Select Philippians 3:21
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation