Proverbs 10
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ordtøke av Salomo. Ein vis son er til gleda for far sin, men ein dårleg son er mor si til sorg.Select Proverbs 10:1
2Ragn-fegne skattar gagnar inkje, men rettferd frelser frå dauden.Select Proverbs 10:2
3Herren let ikkje rettferdig mann hungra, men giren hjå gudlause viser han burt.Select Proverbs 10:3
4Lat-hand skaper armod, men strevsam hand gjer rik.Select Proverbs 10:4
5Ein klok son sankar um sumaren, ein skjemdar-son søv um hausten.Select Proverbs 10:5
6Velsigningar kjem yver hovudet på den rettferdige, men munnen åt dei gudlause gøymer vald.Select Proverbs 10:6
7Minnet um den rettferdige ert til velsigning, men namnet åt dei gudlause morknar.Select Proverbs 10:7
8Den vise tek imot påbod, men gapen gjeng til grunns,Select Proverbs 10:8
9den som ferdast i uskyld, ferdast trygt, men den som gjeng krokvegar, skal verta kjend.Select Proverbs 10:9
10Den som blinkar med auga, valdar vondt, men gapkjeften gjeng til grunns.Select Proverbs 10:10
11Rettferdig manns munn er ei livsens kjelda, men munnen åt gudlause gøymar vald.Select Proverbs 10:11
12Hat yppar trætta, men kjærleik breider yver alle brot.Select Proverbs 10:12
13På vitug manns lippor er visdom å finna, men riset høver åt ryggen på dåren.Select Proverbs 10:13
14Dei vise gøymer kunnskapen sin, men or narremunn kann ein venta fåre.Select Proverbs 10:14
15Rikmanns eiga er hans faste by; fatigfolks ulukka er deira armod.Select Proverbs 10:15
16Det den rettferdige tener, gjeng til liv, det den gudlause vinn, gjeng til synd.Select Proverbs 10:16
17Den som på tukt tek vare, gjeng til livet, men den fer vilt som ikkje agtar age.Select Proverbs 10:17
18Den som løyner hat, hev ljugarlippor, og den som breider ut baktale, er ein dåre.Select Proverbs 10:18
19Der d’er mange ord, vil synd ikkje vanta, men den som set lås for lipporn’, er klok.Select Proverbs 10:19
20Rettferdig manns tunga er utvalt sylv, men gudløysings vit er lite verdt.Select Proverbs 10:20
21Rettferdig manns lippor læskar mange, men dårarne døyr for dei vantar vit.Select Proverbs 10:21
22D’er Herrens velsigning som gjer rik, og eige stræv legg inkje til.Select Proverbs 10:22
23Dåren finn moro i skjemdarverk, men den vituge mannen i visdom.Select Proverbs 10:23
24Det den ugudlege gruar for, kjem yver han, og det rettferdige ynskjer, vert deim gjeve.Select Proverbs 10:24
25Der stormen hev fare, er den gudlause burte, men den rettvise stend på æveleg grunn.Select Proverbs 10:25
26Som edik er for tennerne og røyk for augo, so er letingen for den som sender han.Select Proverbs 10:26
27Otte for Herren lengjer livet, men gudløysings år vert stytte.Select Proverbs 10:27
28Rettferdige kann venta gleda, men voni åt gudlause vert til inkjes.Select Proverbs 10:28
29Herrens veg er vern for den skuldfri, men øydeleggjing for illgjerningsmenner.Select Proverbs 10:29
30Rettferdig mann skal aldri rikkast, men gudlause skal ei få bu i landet.Select Proverbs 10:30
31Rettferdig manns munn ber visdoms frukt, men avskori vert den falske tunga.Select Proverbs 10:31
32Rettferdig manns lippor søkjer hugnad, men munnen på gudlause berre fals.Select Proverbs 10:32
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain