Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Falsk vegt er fæl for Herren, men full vegt likar han godt.Select Proverbs 11:1

2Kjem stormod, so kjem og skam, men smålåtne, dei hev visdom.Select Proverbs 11:2

3Dei ærlege hev si uskyld til førar, men fals slær sin herre på hals.Select Proverbs 11:3

4Gods hjelper ikkje på vreidens dag, men rettferd frelser frå dauden.Select Proverbs 11:4

5Ærleg manns rettferd jamnar hans veg, men den gudlause stuper ved gudløysa si.Select Proverbs 11:5

6Ærlege folk ved si rettferd vert frelste, men dei falske vert fanga i eigen gir.Select Proverbs 11:6

7Når ugudleg mann døyr, er det ute med voni; og vondskaps venting til inkjes vert.Select Proverbs 11:7

8Rettferdig vert fria or trengsla, og ugudleg kjem i hans stad.Select Proverbs 11:8

9Den skamlause tyner sin granne med munnen, men rettferdige friar seg ut med sin kunnskap.Select Proverbs 11:9

10Gjeng det godt med rettferdige, fegnast byen, vert gudlause tynte, syng folk av gleda.Select Proverbs 11:10

11Med velsigning frå ærlege folk kjem byen seg upp, men gudlause munn bryt han ned.Select Proverbs 11:11

12Vitlaus er den som vanvyrdar sin granne, men vitug mann tegjer stilt.Select Proverbs 11:12

13Den som fer med drøs, ber løynråd ut, men den hjarte-trugne løyner saki.Select Proverbs 11:13

14Der inkje styre er, lyt folket falla, men der dei rådvise er mange, der er frelsa.Select Proverbs 11:14

15Borgar du for framand, er du ille faren, men han er trygg som hatar handtak.Select Proverbs 11:15

16Ei yndefull kvinna vinn æra, og valdsmenner vinn seg rikdom.Select Proverbs 11:16

17Ein godhjarta mann gjer vel mot si sjæl, men ein hardhjarta mann fer vondt med sitt eige kjøt.Select Proverbs 11:17

18Den ugudlege vinn seg ei sviksam løn, men den som rettferd sår, fær varig løn.Select Proverbs 11:18

19Stend du fast i rettferd, vinn du liv, men fer du etter vondt, då fær du daude.Select Proverbs 11:19

20Dei range i hugen hev Herren ein stygg til, men han likar deim som ulastande ferdast.Select Proverbs 11:20

21Det kann du gjeva handi på, den vonde vert ’kje urefst, men ætti åt rettferdige slepp undan.Select Proverbs 11:21

22Som ein gullring i eit grisetryne er ei fager kvinna utan vit.Select Proverbs 11:22

23Det rettferdige ynskjer, vert berre godt, det som gudlause vonar, vert til vreide.Select Proverbs 11:23

24Ein strår ut og fær endå meir, ein annan vert arm av usømeleg sparing.Select Proverbs 11:24

25Den som velsignar, skal trivast, og kveikjer du andre, vert sjølv du kveikt.Select Proverbs 11:25

26Ein kornflår, honom bannar folket, men signing kjem yver den som sel korn.Select Proverbs 11:26

27Den som strævar etter godt, han søkjer hugnad, men den som leitar etter vondt, han fær det yver seg.Select Proverbs 11:27

28Den som lit på sin rikdom, han skal stupa, men rettferdige grønkar som lauv.Select Proverbs 11:28

29Den som øydar sitt hus, skal erva vind, og narren vert træl åt den kloke.Select Proverbs 11:29

30Rettferdig manns frukt er eit livsens tre, og sjæler vinn den vise.Select Proverbs 11:30

31Du ser rettferdig mann fær vederlag på jordi, kor mykje meir då den ugudlege og syndaren!Select Proverbs 11:31

Next: Proverbs 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.