Proverbs 13
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Den vise son let seg aga av far sin, men spottaren høyrer ikkje på skjenn.Select Proverbs 13:1
2Sjølv fær ein godt av den frukt som munnen ber, men hugen åt svikarar stend etter vald.Select Proverbs 13:2
3Den som agtar munnen sin, varar si sjæl, men gapen fær seg ei ulukka.Select Proverbs 13:3
4Hugen i letingen lyster og fær ikkje noko, hugen i strævsame folk fær rikleg mette.Select Proverbs 13:4
5Den rettferdige hatar ljugarord, men den gudlause fer stygt og skamleg åt.Select Proverbs 13:5
6Rettferd varar den som fer ulastande, men gudløysa feller den som gjer synd.Select Proverbs 13:6
7Mang ein ter seg rik og eig då inkje, ein annan ter seg fatig og eig mykje.Select Proverbs 13:7
8Mannsens rikdom er ein løysepeng for livet hans, men fatigmannen fær inkje trugsmål høyra.Select Proverbs 13:8
9Ljoset åt dei rettferdige brenn lystigt, men lampa åt ugudlege vil slokna.Select Proverbs 13:9
10Med ovmod veld ein berre trætta, men hjå deim som tek mot råd, er visdom.Select Proverbs 13:10
11Lettfengen rikdom minkar, men sankar du smått um senn, fær du meir og meir.Select Proverbs 13:11
12Langdrøg von gjer hjarta sjukt, men uppfyllt ynskje er eit livsens tre.Select Proverbs 13:12
13Den som vanvyrder ordet, tyner seg sjølv, men den som ottast bodordet, fær løn.Select Proverbs 13:13
14Vismanns læra er livsens kjelda, so ein slepp undan frå daudesnaror.Select Proverbs 13:14
15Godt vit gjev manntekkje, men hard er vegen som svikarar gjeng.Select Proverbs 13:15
16Kvar som er klok, fer fram med vit, men ein dåre briskar seg med dårskap.Select Proverbs 13:16
17Ein gudlaus sendemann fell i ulukka, men trufast bodberar er lækjedom.Select Proverbs 13:17
18Armod og skam fær den som viser age ifrå seg, men den som agtar på refsing, vinn æra.Select Proverbs 13:18
19Uppfyllt ynskje er søtt for sjæli, men å vika frå vondt er ei gruv for dårar.Select Proverbs 13:19
20Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille.Select Proverbs 13:20
21Ulukka forfylgjer syndarar, men rettferdige fær godt til løn.Select Proverbs 13:21
22Den gode let etter seg arv til barneborn, men det syndaren eig, er gøymt åt den rettferdige.Select Proverbs 13:22
23Fatigfolks nybrot gjev rikeleg føda, men mang ein vert tynt ved urettferd.Select Proverbs 13:23
24Den som sparer riset sitt, hatar son sin, men den som elskar han, tuktar honom tidleg.Select Proverbs 13:24
25Rettferdige hev mat til å metta seg på, men gudlause gjeng med magen tom.Select Proverbs 13:25
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain