Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 15

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Mildt svar døyver harm, men eit kvast ord vekkjer vreide.Select Proverbs 15:1

2Tunga åt vismenner gjev god kunnskap, men narreskap gøyser or munnen på dårar.Select Proverbs 15:2

3Allstad hev Herren augo sine, dei ser etter vonde og gode.Select Proverbs 15:3

4Linnmælt tunga er livsens tre, men range tunga gjev hjartesår.Select Proverbs 15:4

5Ein uviting vanvyrder far sin’s age, men den som agtar på refsing, vert klok.Select Proverbs 15:5

6Rettferdig manns hus eig stor rikdom, men d’er ugreida med ugudleg manns inntekt.Select Proverbs 15:6

7Vismanns-lippor strår ut kunnskap, men so er ei med dårehjarta.Select Proverbs 15:7

8Gudløysings offer er ei gruv for Herren, men bøn frå ærlege han likar godt.Select Proverbs 15:8

9Gudløysings veg er ei gruv for Herren, men han elskar den som renner etter rettferd.Select Proverbs 15:9

10Hard refsing fær den som gjeng ut av vegen, den som hatar age, skal døy.Select Proverbs 15:10

11Helheim og avgrunn ligg i dagen for Herren, kor mykje meir då menneskje-hjarto.Select Proverbs 15:11

12Spottaren likar ikkje at ein lastar honom, til vismenner gjeng han ikkje.Select Proverbs 15:12

13Gladværugt hjarta gjer andlitet ljost, men modet vert brote i hjartesorg.Select Proverbs 15:13

14Vitug manns hjarta søkjer kunnskap, men dåremunn fer berre med narreskap.Select Proverbs 15:14

15Alle ein armings dagar er vonde, men den glade i hjarta hev gjestebod alltid.Select Proverbs 15:15

16Betre er lite med otte for Herren enn eigedom stor med uro attåt.Select Proverbs 15:16

17Betre ei nista av kål med kjærleik til enn gjødde uksen med hat attåt.Select Proverbs 15:17

18Brålyndt mann valdar trætta, men den toluge stiller kiv.Select Proverbs 15:18

19Vegen for letingen er som eit klungergjerde, men stigen er brøytt for dei ærlege.Select Proverbs 15:19

20Ein vis son gjer far sin gleda, men eit dårlegt menneskje vanvyrder mor si.Select Proverbs 15:20

21Dårskap er gleda for vitlaus mann, men ein vitug mann gjeng beint fram.Select Proverbs 15:21

22Råder vert til inkjes utan rådleggjing, men med mange rådgjevarar kjem dei i stand.Select Proverbs 15:22

23Mannen gled seg når munnen kann svara, og eit ord i rette tid, kor godt det er!Select Proverbs 15:23

24Den vituge gjeng livsens veg uppetter, for han vil sleppa burt frå helheimen der nede.Select Proverbs 15:24

25Herren riv huset ned for dei ovmodige, men for enkja let han merkesteinen standa.Select Proverbs 15:25

26Vonde tankar er ei gruv for Herren, men milde ord er reine.Select Proverbs 15:26

27Den vinnekjære fær sitt hus i ulag, men den som hatar mutor, han skal liva.Select Proverbs 15:27

28Rettferdig tenkjer i sitt hjarta korleis han skal svara, men gudlause let vondskap gøysa ut or munnen.Select Proverbs 15:28

29Langt er Herren burte frå dei gudlause, men bøni frå rettferdige han høyrer.Select Proverbs 15:29

30Ljos i augo hjarta gled, tidend god gjev merg i beini.Select Proverbs 15:30

31Det øyra som høyrer på rettleiding til livet, held seg gjerne med vismenn i lag.Select Proverbs 15:31

32Den som vandar age, vanvyrder si sjæl, den som høyrer på rettleiding, vinn seg vit.Select Proverbs 15:32

33Otte for Herren er age til visdom, og fyre æra gjeng andmykt.Select Proverbs 15:33

Next: Proverbs 16Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.