Proverbs 2
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Son min! tek du imot mine ord og gøymer bodi mine hjå deg,Select Proverbs 2:1
2so du vender øyra til visdomen, bøygjer hjarta til vitet,Select Proverbs 2:2
3ja, når du kallar på skynet og ropar høgt på vitet,Select Proverbs 2:3
4leitar du etter det som vore det sylv, og grev som vore det løynde skattar,Select Proverbs 2:4
5då skal du skyna otte for Herren, og Guds-kunnskap skal du finna.Select Proverbs 2:5
6For Herren er den som gjev visdom, frå hans munn kjem kunnskap og vit.Select Proverbs 2:6
7Han gøymer frelsa for dei ærlege, han er ein skjold for dei som fer ulastande,Select Proverbs 2:7
8med di for han vaktar stigarne åt retten og varar vegen vel for sine trugne.Select Proverbs 2:8
9Då skal du skyna rettferd og rett og rettvisa, ja, kvar god veg.Select Proverbs 2:9
10For visdom koma skal i hjarta ditt, og kunnskap vera hugleg for di sjæl,Select Proverbs 2:10
11yver deg skal ettertanke halda vakt, vit skal vara degSelect Proverbs 2:11
12og fria deg ifrå den vonde åtferd, frå folk som talar fals,Select Proverbs 2:12
13dei som gjeng frå dei rette stigar og vil vandra på myrke vegar,Select Proverbs 2:13
14dei som gled seg med å gjera vondt, og fegnast yver rangt og vondt,Select Proverbs 2:14
15dei som gjeng på kroke-stigar og fer på range vegar. -Select Proverbs 2:15
16Han skal fria deg frå annanmanns kona, frå framand kvinna med sleipe ord,Select Proverbs 2:16
17som hev svike sin ungdoms ven og si Guds-pakt hev gløymt.Select Proverbs 2:17
18For ho sig ned til dauden med sitt hus, og ned til daudingarne hennar vegar ber.Select Proverbs 2:18
19Ingen som gjeng inn til henne, kjem attende, og dei når ikkje livsens stigar.Select Proverbs 2:19
20Han vil du skal ganga den vegen dei gode gjeng, og halda deg på dei stigane der rettferdige ferdast;Select Proverbs 2:20
21for dei ærlege skal bu i landet, og dei ulastelege der skal verta att,Select Proverbs 2:21
22men dei ugudlege skal rydjast ut or landet, og svikarane skal verta rivne burt frå det.Select Proverbs 2:22
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain