Proverbs 20
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Vinen er ein spottar, rusdrykken ein ståkar, ingen som tumlar av honom, er vis.Select Proverbs 20:1
2Den rædsla kongen vekkjer, er som løveburing, den som fær hans vreide på seg, set livet sitt på spel.Select Proverbs 20:2
3Mannsens æra er å halda seg frå trætta, men kvar uviting glefser til.Select Proverbs 20:3
4Letingen pløgjer ikkje um hausten, i skurdonni leitar han fåfengt etter grøda.Select Proverbs 20:4
5Råd i mannsens hjarta er som vatn i djupet, men ein skynsam mann kann draga det upp.Select Proverbs 20:5
6Mest kvar mann råkar ein som elskar honom, men kven finn ein som er å lita på?Select Proverbs 20:6
7Den som ferdast ulastande og er rettferdig, sæle er borni hans etter honom.Select Proverbs 20:7
8Ein konge som sit på domarstol, skil ut alt vondt med augo sine.Select Proverbs 20:8
9Kven kann segja: «Eg hev halda hjarta reint og er fri frå syndi mi?»Select Proverbs 20:9
10Tvo slag vegt og tvo slag mål er båe tvo ein styggedom for Herren.Select Proverbs 20:10
11Alt guten syner i si gjerd um ferdi hans vert rein og rett.Select Proverbs 20:11
12Øyra som høyrer og auga som ser - Herren hev skapt deim båe tvo.Select Proverbs 20:12
13Elska ikkje svevn, for då vert du fatig, haldt augo uppe, so fær du brød til mette.Select Proverbs 20:13
14«Klent, klent!» segjer kjøparen, men når han gjeng burt, so rosar han seg.Select Proverbs 20:14
15Vel finst det gull og mange perlor, men dyraste gogni er lippor med kunnskap.Select Proverbs 20:15
16Tak klædi hans! for han hev borga for ein annan, og panta honom for framande!Select Proverbs 20:16
17Søtt er for mannen det brød han hev fenge med fals, men sidan vert munnen hans full av småstein.Select Proverbs 20:17
18Råder vert stødige med rådleggjing, få då klok styring når du fører krig!Select Proverbs 20:18
19Den som fer med drøs, ber løynråd ut, og gapen skal du ikkje hava noko med.Select Proverbs 20:19
20Den som bannar far og mor, hans lampa skal slokna i kolmyrkret.Select Proverbs 20:20
21Ein arv som ein i fyrstundes er for fus på, vert på slutten utan velsigning.Select Proverbs 20:21
22Seg ikkje: «Eg vil løna med vondt!» Venta på Herren, han vil hjelpa deg.Select Proverbs 20:22
23Tvo slag vegt er ein styggedom for Herren, og den falske skålvegt er ikkje god.Select Proverbs 20:23
24Frå Herren kjem mannsens stig, og kor kann eit menneskje skyna sin veg?Select Proverbs 20:24
25Fårlegt er det for eit menneskje å vigsla eitkvart tankelaust, og fyrst granska lovnaden etterpå.Select Proverbs 20:25
26Ein vis konge skil ut dei gudlause og let hjulet ganga yver deim.Select Proverbs 20:26
27Menneskjens ånd er Herrens lampa, og ho ransakar alle rom i hjarta.Select Proverbs 20:27
28Kjærleik og truskap er vakt um kongen, og han styd sin kongsstol på kjærleik.Select Proverbs 20:28
29Ei æra for ungdomar er deira kraft, og ein prydnad for dei gamle er grått hår.Select Proverbs 20:29
30Svidande sår reinser burt det vonde, ja, slag reinsar hjartans inste rom.Select Proverbs 20:30
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain