Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 21

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Konungs hjarta er i Herrens hand som bekkjer, han vender det kvar helst han vil.Select Proverbs 21:1

2Kvar mann tykkjer at hans eigi ferd er rett, men det er Herren som prøver hjarto.Select Proverbs 21:2

3At folk gjer rett og skil, er meir verdt for Herren enn offer.Select Proverbs 21:3

4Ovmods augo og sjølvgodt hjarta - lampa åt gudlause folk er synd.Select Proverbs 21:4

5Umtanke hjå den annsame er berre til vinning, men hastverk berre til tap.Select Proverbs 21:5

6Skattevinning med ljugartunga er ein kvervande pust av deim som søkjer dauden.Select Proverbs 21:6

7Den vald dei gudlause gjer, skal riva deim sjølve burt, for det som er, vil dei ikkje gjera.Select Proverbs 21:7

8Skuldig mann gjeng krokut veg, men den reine - han gjer si gjerning beint fram.Select Proverbs 21:8

9Betre å bu i ei krå på taket enn å ha sams hus med trettekjær kvinna.Select Proverbs 21:9

10Ugudleg manns sjæl hev hug til det vonde, hans næste finn ikkje miskunn hjå honom.Select Proverbs 21:10

11Refser du spottaren, vert uvitingen vis, og lærer du vismannen, tek han mot kunnskap.Select Proverbs 21:11

12Ein rettferdig agtar på gudlause-hus, han støyter dei gudlause ned i ulukka.Select Proverbs 21:12

13Dytter du øyra til for armings rop, skal sjølv du ropa og ikkje få svar.Select Proverbs 21:13

14Gåva i løyndom stiller vreide, og gjeving i barmen stiller største harmen.Select Proverbs 21:14

15Det er ei gleda for rettferdig mann å gjera rett, men ei rædsla for illgjerningsmenner.Select Proverbs 21:15

16Den som viller seg burt frå klokskaps veg, han skal hamna i skuggeheimen.Select Proverbs 21:16

17Ein fatigmann vert den som elskar moro, ei vert han rik som elskar vin og olje.Select Proverbs 21:17

18Den gudlause vert løysepeng for den rettferdige, og utru kjem i staden for den ærlege.Select Proverbs 21:18

19Betre å bu i eit øydeland enn hjå arg og trættekjær kvinna.Select Proverbs 21:19

20Vismann hev dyre skattar og olje i huset, men uvitingen øyder det upp.Select Proverbs 21:20

21Den som strævar etter rettferd og miskunn, han skal finna liv og rettferd og æra.Select Proverbs 21:21

22Ein by med kjempor tek vismannen inn, og han bryt ned den borgi som byen lit på.Select Proverbs 21:22

23Den som varar sin munn og si tunga, han varar si sjæl frå trengslor.Select Proverbs 21:23

24Ein ovmodig og ubljug kallar me spottar, ein som fer fram med ofselegt ovmod.Select Proverbs 21:24

25Lysti åt letingen drep honom sjølv, for henderne hans vil inkje gjera.Select Proverbs 21:25

26Heile dagen snikjer den snikne, men ein rettferdig gjev og sparer inkje.Select Proverbs 21:26

27Offer frå gudlause er ei gruv, og endå meir når dei samstundes emnar på ilt.Select Proverbs 21:27

28Eit ljugar-vitne skal ganga til grunns, men ein mann som lyder etter, skal få tala alltid.Select Proverbs 21:28

29Gudlaus mann ter seg skamlaus, men den ærlege gjeng sine vegar stødigt.Select Proverbs 21:29

30Det finst ingen visdom og inkje vit og ingi råd imot Herren.Select Proverbs 21:30

31Hesten vert budd til herferdsdagen, men sigeren kjem ifrå Herren.Select Proverbs 21:31

Next: Proverbs 22Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.