Skip to content
Church.wiki
Proverbs

Proverbs 28

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.Select Proverbs 28:1

2Syndar eit land, fær det mange herrar, men hev folket mykje vit, varer retten lenge.Select Proverbs 28:2

3Ein fatig herre som trykkjer dei arme, er eit regn som herjar og ikkje gjev brød.Select Proverbs 28:3

4Dei som gjeng ifrå lovi, prisar dei gudlause, men dei som held lovi, harmast på deim.Select Proverbs 28:4

5Vonde folk skynar ikkje kva rett er, men dei som søkjer Herren, skynar alt.Select Proverbs 28:5

6Betre er ein fatigmann som ferdast lytelaust, enn ein rikmann som er rang og gjeng tvo vegar.Select Proverbs 28:6

7Den som agtar på rettleiding, er ein vitug son, men den som hev lag med øydarar, fører skam yver far sin.Select Proverbs 28:7

8Den som aukar si eiga med renta og oker, han sankar åt den som er god mot dei arme.Select Proverbs 28:8

9Um ein vil venda øyra burt og ikkje høyra lovi, er jamvel bøni hans ein styggedom.Select Proverbs 28:9

10Den som villar ærlegt folk inn på ein vond veg, han skal stupa i si eigi grav, men dei lytelause skal erva det som godt er.Select Proverbs 28:10

11Ein rikmann tykkjer han er vis, men ein fatigmann med vit granskar honom ut.Select Proverbs 28:11

12Held dei rettferdige høgtid, stend det herleg til, men når gudlause kjem seg upp, lyt ein leita etter folk.Select Proverbs 28:12

13Den som dyl misgjerningarne sine, hev ikkje lukka med seg, men den som sannar deim og vender seg ifrå deim, han finn miskunn.Select Proverbs 28:13

14Sæl den mannen som alltid ottast, men den som gjer hjarta sitt hardt, han fell i ulukka.Select Proverbs 28:14

15Burande løva og ein grådig bjørn er gudlaus hovding yver fatigt folk.Select Proverbs 28:15

16Du hovding fatig på vit og rik på vald! Dei som hatar urett vinning, skal liva lenge.Select Proverbs 28:16

17Ein mann med blodskuld yver seg er på flugt alt til gravi, ingen må hjelpa honom.Select Proverbs 28:17

18Den som ferdast lytelaust, vert frelst, men den range tvivegs-farar fell på den eine.Select Proverbs 28:18

19Den som dyrkar si jord, fær nøgdi av brød, men den som fer etter fåfengt, fær nøgdi av armod.Select Proverbs 28:19

20Ein trufast mann fær rik velsigning, men den som renner etter rikdom, vert ei urefst.Select Proverbs 28:20

21Det er ’kje godt når ein gjer mannemun, men mang ein mann vert brotsmann for ein brødbit.Select Proverbs 28:21

22I bråhast vil den ovundsjuke verta rik, og han veit ’kje at vanråd vil koma på han.Select Proverbs 28:22

23Den som refser ein mann, vinn seg takk til slutt meir enn den som smeikjer med tunga si.Select Proverbs 28:23

24Den som plundrar far sin og mor si og segjer: «Det er ikkje synd,» han er øydelands lagsbror.Select Proverbs 28:24

25Den vinnekjære valdar trætta, men den som lit på Herren, fær kveikjing.Select Proverbs 28:25

26Den som lit på vitet sitt, han er ein dåre, men den som vandrar i visdom, vert frelst.Select Proverbs 28:26

27Den som gjev den fatige, vantar inkje, men den som let att augo, fær mykje banning yver seg.Select Proverbs 28:27

28Når gudlause kjem seg upp, då gøymer folk seg, men når dei gjeng til grunns, då aukar dei rettferdige.Select Proverbs 28:28

Next: Proverbs 29Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Proverbs

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.