Proverbs 29
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ein mann som etter mykje refsing endå er ein stivnakke, vil brått verta broten ulækjeleg sund.Select Proverbs 29:1
2Når rettferdige aukar i tal, då gled seg folket, men når gudlaus mann kjem til styre, sukkar folket.Select Proverbs 29:2
3Den som elskar visdom, gled sin far, men den som gjeng i lag med skjøkjor, øyder eiga si.Select Proverbs 29:3
4Ein konge held landet sitt uppe med rett, men ein skattekrevjar legg det i øyde.Select Proverbs 29:4
5Ein mann som smeikjer for næsten sin, breider ut eit net for føterne hans.Select Proverbs 29:5
6Ein vond manns misgjerd er snara for honom, men rettferdig mann fegnast og gled seg.Select Proverbs 29:6
7Den rettferdige syter for stakarens sak, den gudlause hev ikkje greida på noko.Select Proverbs 29:7
8Spottarar øser upp ein by, men vismenner stiller vreiden.Select Proverbs 29:8
9Når vismann fører sak mot dåren, vert dåren sinna og lær, og kann ’kje vera still.Select Proverbs 29:9
10Dei blodfuse hatar ein skuldlaus mann, og stend dei ærlege etter livet.Select Proverbs 29:10
11Alt sitt sinne slepper dåren ut, men vismannen døyver det til slutt.Select Proverbs 29:11
12Agtar ein hovding på lygneord, er alle hans tenarar nidingar.Select Proverbs 29:12
13Fatigmann og valdsmann råkast, Herren gjev deim båe augneljos.Select Proverbs 29:13
14Ein konge som dømer småfolk rett, hans kongsstol stend æveleg fast.Select Proverbs 29:14
15Ris og age gjev visdom, men ein agelaus gut fører skam yver mor si.Select Proverbs 29:15
16Når dei gudlause aukar, so aukar syndi, men dei rettferdige skal sjå med lyst på deira fall.Select Proverbs 29:16
17Aga son din, so vil han vera deg til hugnad og gjeva lostemat til sjæli di.Select Proverbs 29:17
18Utan profetsyn vert folket vilt, men sæl er den som held lovi.Select Proverbs 29:18
19Med ord let trælen seg ikkje tukta, for han skynar deim vel, men bryr seg ’kje um deim.Select Proverbs 29:19
20Ser du ein mann som er snar til å tala, dåren gjev større von enn han.Select Proverbs 29:20
21Kjæler du trælen upp frå hans ungdom, vil han vanvyrda deg til slutt.Select Proverbs 29:21
22Sinna mann valdar trætta, og brålyndt mann gjer mang ei misgjerd.Select Proverbs 29:22
23Mannsens ovmod fører til fall, men den audmjuke vinn seg æra.Select Proverbs 29:23
24Den som helar med tjuven, hatar sitt liv, han høyrer dei tek han i eid, men gjev ingi vitring.Select Proverbs 29:24
25Manne-rædsla legg snaror, men den som lit på Herren, vert berga.Select Proverbs 29:25
26Mange vil te seg fram for ein styrar, men frå Herren fær kvar mann sin rett.Select Proverbs 29:26
27Ein styggedom for rettferdige er ein urettferdig mann, og ein styggedom for den gudlause er den som fer ærleg fram.Select Proverbs 29:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain