Proverbs 3
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Son min, gløym ikkje læra mi! Lat hjarta varveitsla bodi mine!Select Proverbs 3:1
2For livetid lang og livs-år i mengd og velferd dei gjev deg i rikaste mål.Select Proverbs 3:2
3Lat ei kjærleik og truskap vika frå deg, men bitt deim um halsen på deg, skriv deim på di hjartetavla!Select Proverbs 3:3
4Då vinn du ynde og fær godt vit for augo på Gud og menneskje.Select Proverbs 3:4
5Lit på Herren av heile ditt hjarta men set ikkje lit til ditt vit!Select Proverbs 3:5
6Tenk på honom i all di ferd! So jamnar han dine vegar.Select Proverbs 3:6
7Ver ikkje vis i eigne augo, ottast Herren og vik frå det vonde.Select Proverbs 3:7
8Det vert til helsebot for holdet ditt, og kveik for beini dine.Select Proverbs 3:8
9Æra Herren med eiga di og med fyrstegrøda av all di avling.Select Proverbs 3:9
10Då vert dine lødor rikleg fyllte, og safti renn yver i persorne dine.Select Proverbs 3:10
11Son min, ei du vanvyrde Herrens age, og ver ikkje leid for hans refsing!Select Proverbs 3:11
12For Herren agar den han elskar, som ein far med den son han hev kjær.Select Proverbs 3:12
13Sæl den mann som hev funne visdom, og den mann som vinn seg vit!Select Proverbs 3:13
14For det er betre å kjøpa visdom enn sylv, og den vinning han gjev, er betre enn gull.Select Proverbs 3:14
15Dyrare er han enn perlor, av alle dine skattar er ingen som han.Select Proverbs 3:15
16Langt liv hev han i høgre handi, og i vinstre rikdom og æra.Select Proverbs 3:16
17Hans vegar er hugnads-vegar, og alle hans stigar er velferd.Select Proverbs 3:17
18Han er livsens tre for deim som grip han, og dei som held han fast, er sæle.Select Proverbs 3:18
19Med visdom hev Herren grunnfest jordi, med vit hev han laga himmelen.Select Proverbs 3:19
20Ved hans kunnskap fossa vatnet or djupi, og frå skyerne dryp det dogg.Select Proverbs 3:20
21Son min! Slepp ikkje augo av deim, tak vare på visdom og ettertanke!Select Proverbs 3:21
22So skal dei vera liv for sjæli di og prydnad um halsen din.Select Proverbs 3:22
23Då vandrar du trygt din veg og støyter ikkje din fot.Select Proverbs 3:23
24Når du legg deg, so kvekk du ’kje upp, men du ligg og søv so godt.Select Proverbs 3:24
25Du skal ikkje ottast for bråstøkk, eller uver som yver ugudlege kjem.Select Proverbs 3:25
26For Herren skal vera di tiltru, og han skal vara din fot frå snara.Select Proverbs 3:26
27Haldt ei burte det gode frå deim som treng det, når det stend i di magt å gjeva det!Select Proverbs 3:27
28Seg ikkje til grannen din: «Gakk og kom att! Eg skal gjeva deg i morgon» - når du hev det no!Select Proverbs 3:28
29Tenk ikkje på vondt mot grannen din, når han bur trygt hjå deg!Select Proverbs 3:29
30Trætta ikkje med nokon utan grunn, når han ei hev gjort deg vondt!Select Proverbs 3:30
31Ovunda ikkje ein valdsmann, og vel ikkje nokon av alle hans vegar!Select Proverbs 3:31
32For den falske er ei gruv for Herren, men med ærlege hev han umgang.Select Proverbs 3:32
33Herrens forbanning er i huset hjå den gudlause, men heimen åt rettferdige velsignar han.Select Proverbs 3:33
34Gjeld det spottarar, so spottar han, men dei audmjuke gjev han nåde.Select Proverbs 3:34
35Vismenner erver æra, men dårer ber med seg skam til løn.Select Proverbs 3:35
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain