Proverbs 30
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ord av Agur, son åt Jake, profetordet. Mannen segjer so til Itiel, til Itiel og Ukal:Select Proverbs 30:1
2For fåvis er eg til å heita mann, og ikkje hev eg manne-vit.Select Proverbs 30:2
3Visdom hev eg ikkje lært, til kunnskap um den Heilage.Select Proverbs 30:3
4Kven hev stige upp til himmelen og stige ned? Kven hev samla vinden inn i nevarne? Kven hev bunde vatnet i eit klædeplagg? Kven hev alle enderne av jordi sett? Kva heiter han, kva heiter son hans - um du veit det?Select Proverbs 30:4
5Alt Guds ord er skirt, han er ein skjold for deim som flyr til honom.Select Proverbs 30:5
6Legg ikkje noko til hans ord, elles lyt han refsa deg, og du stend der ein ljugar.Select Proverbs 30:6
7Tvo ting hev eg bede deg um, neitta meg deim ikkje, fyrr eg døyr:Select Proverbs 30:7
8Lat fals og lygn vera langt frå meg! Gjev meg ikkje armod og ikkje rikdom! Lat meg få eta mitt tiletla brød!Select Proverbs 30:8
9Elles kunde eg neitta deg når eg var mett, og segja: «Kven er Herren?» Eller um eg vart fatig, kunde eg stela, ja, forgripa meg på min Guds namn.Select Proverbs 30:9
10Baktala ei ein tenar for hans herre, elles vil han banna deg, og du få bøta.Select Proverbs 30:10
11Ei ætt som bannar far sin og ikkje signar mor si,Select Proverbs 30:11
12ei ætt som tykkjer ho er rein, endå ho ei hev tvætta av sitt eige skarn,Select Proverbs 30:12
13ei ætt - kor stolte augo hev ho ikkje, og kor ho lyfter augneloki!Select Proverbs 30:13
14ei ætt som heve sverd til tenner og jakslar reint som knivar, so ho et armingar or landet og fatige or folkesamfund.Select Proverbs 30:14
15Blodiglen hev tvo døtter: Gjev! Gjev! Tri finst det som aldri vert mette, fire som ei segjer: «Nok!»Select Proverbs 30:15
16Helheim og barnlaust moderfang, jordi som aldri vert mett av vatn, og elden som ei segjer: «Nok!»Select Proverbs 30:16
17Eit auga som spottar far og vanvyrder lydnad mot mor, det skal bekkje-ramnarne hakka ut og ørnungar eta upp.Select Proverbs 30:17
18Tri ting er meg for underlege, og fire finst som eg ikkje skynar:Select Proverbs 30:18
19Ørns veg på himmelen, orms veg på berget, skips veg på havet og manns veg til møy.Select Proverbs 30:19
20Soleis ber utru kona seg åt: Ho et og turkar seg um munnen og segjer: «Eg hev ikkje gjort noko vondt.»Select Proverbs 30:20
21Under tri skjelv jordi, under fire kann ho ’kje herda:Select Proverbs 30:21
22under trælen når han vert konge, og dåren når han fær eta seg mett,Select Proverbs 30:22
23under attergløyma når ho vert gift, og trælkvinna når ho erver si frua.Select Proverbs 30:23
24Fire finst det som er små på jordi, og endå hev dei fenge visdom stor:Select Proverbs 30:24
25Mauren er ’kje noko sterkt folk, og endå lagar han sin mat um sumaren.Select Proverbs 30:25
26Fjellgrevlingarne er ’kje noko veldugt folk, og endå byggjer dei seg hus i berget.Select Proverbs 30:26
27Grashopparne hev ingen konge, og endå fær dei alle ut i fylking.Select Proverbs 30:27
28Fjorføtla kann du ta med henderne, og endå bur ho inni kongeslott.Select Proverbs 30:28
29Tri finst det som stig med staute stig, og fire hev ei fager gonga:Select Proverbs 30:29
30Løva ei kjempa millom dyri, og som ikkje snur seg for nokon,Select Proverbs 30:30
31hesten mjå um midja, eller bukken, og ein konge med leidingheren.Select Proverbs 30:31
32Gjer du deg stor, anten narr eller klårtenkt, so legg handi på munnen!Select Proverbs 30:32
33For trykk på mjølk gjev smør, og trykk på nase gjev blod, og trykk på vreide gjev strid.Select Proverbs 30:33
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain