Proverbs 4
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Høyr etter, born, når far dykkar tuktar, og gjev gaum, so kann de læra å skyna!Select Proverbs 4:1
2For eg gjev dykk ein lærdom god; gakk ikkje frå mi upplæring!Select Proverbs 4:2
3For eg var og barn for far min, og mor sin einaste veslegut.Select Proverbs 4:3
4Då lærde han meg og sagde til meg: «Lat hjarta ditt hanga ved mine ord, tak vare på mine bod, so skal du liva.Select Proverbs 4:4
5Kjøp deg visdom, kjøp deg vit, Gløym ei, vik ei burt frå ordi eg segjer!Select Proverbs 4:5
6Gakk ei frå visdomen, so skal han vakta deg, elska han, so skal han vara deg.Select Proverbs 4:6
7Upphavet til visdom er: Kjøp deg visdom! Og kjøp deg vit for all di eiga!Select Proverbs 4:7
8Set han høgt, so skal han upphøgja deg, han fører deg til æra når du tek han i fang.Select Proverbs 4:8
9Han set på ditt hovud ein yndeleg krans, ei kruna so fager han gjev deg.»Select Proverbs 4:9
10Høyr, min son, og tak imot mine ord, so vert dine livs-år mange.Select Proverbs 4:10
11Eg viser deg visdoms veg, eg fører deg fram på beine stigar.Select Proverbs 4:11
12Når du gjeng, skal du stiga fritt, når du spring, skal du ikkje snåva.Select Proverbs 4:12
13Haldt fast på agen, slepp han ikkje, tak vare på han, for han er ditt liv.Select Proverbs 4:13
14På gudlause-stig må du ikkje koma, ei fara den vegen dei vonde fer.Select Proverbs 4:14
15Lat han vera, gakk ikkje på han, vik frå han og kom deg undan!Select Proverbs 4:15
16For dei søv ikkje, fær dei ’kje synda, dei misser svevnen, fær dei ikkje folk til å falla.Select Proverbs 4:16
17Gudløysa er det brødet dei et og vald er den vinen dei drikk.Select Proverbs 4:17
18Men den stigen rettferdige gjeng, er som morgonglima som ljosnar og ljosnar til dagen renn.Select Proverbs 4:18
19Den vegen dei ugudlege gjeng, er som kolmyrkret, dei veit ikkje kva dei snåvar i.Select Proverbs 4:19
20Son min, agta på ordi mine, vend ditt øyra til det eg segjer!Select Proverbs 4:20
21Lat dei ikkje vika frå augo dine, vara dei djupt i hjarta!Select Proverbs 4:21
22For det er liv for kvar som finn det, og lækjing for heile hans likam.Select Proverbs 4:22
23Framfor alt som du vaktar, tak vare på hjarta, for livet gjeng ut frå det.Select Proverbs 4:23
24Haldt svik med munnen ifrå deg, og burt med falske lippor!Select Proverbs 4:24
25Lat augo dine sjå beint fram, og augnekasti skoda ende fram for deg!Select Proverbs 4:25
26Jamna stigen for din fot, og lat alle dine vegar vera støde.Select Proverbs 4:26
27Vik ei til høgre eller vinstre, vend foten ifrå det vonde!Select Proverbs 4:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain