Skip to content
Church.wiki
Psalms

Psalms 119

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Sæle er dei som gjeng ein ulastande veg, dei som ferdast i Herrens lov!Select Psalms 119:1

2Sæle er dei som tek vare på hans vitnemål, som søkjer honom av alt sitt hjarta,Select Psalms 119:2

3dei som ikkje gjer urett, men vandrar på hans vegar.Select Psalms 119:3

4Du hev gjeve dine fyresegner, at ein skal halda deim vel.Select Psalms 119:4

5Å, kunde vegarne mine verta faste, so eg heldt dine fyreskrifter!Select Psalms 119:5

6Då skal eg ikkje verta til skammar når eg gjev gaum etter alle dine bodord.Select Psalms 119:6

7Eg vil takka deg av eit ærlegt hjarta når eg lærer dine rettferdsdomar.Select Psalms 119:7

8Dine fyreskrifter vil eg halda, du må ikkje reint forlata meg.Select Psalms 119:8

9Korleis skal ein ungdom halda stigen sin rein? Når han held seg etter ditt ord.Select Psalms 119:9

10Av alt mitt hjarta hev eg søkt deg, lat meg ikkje villast burt frå dine bodord!Select Psalms 119:10

11I hjarta mitt hev eg gøymt ditt ord, so eg ikkje skal synda imot deg.Select Psalms 119:11

12Lova vere du, Herre! Lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:12

13Med lipporne mine hev eg forkynt alle rettar frå din munn.Select Psalms 119:13

14Eg er glad i vegen etter dine vitnemål som i all rikdom.Select Psalms 119:14

15På dine fyresegner vil eg grunda og skoda på dine stigar.Select Psalms 119:15

16I dine fyreskrifter vil eg hava hugnad, og ikkje vil eg gløyma ditt ord.Select Psalms 119:16

17Gjer vel imot din tenar, at eg må liva! so vil eg halda ditt ord.Select Psalms 119:17

18Lat upp augo mine, at eg kann skoda underlege ting i di lov!Select Psalms 119:18

19Ein gjest er eg på jordi, løyn ikkje dine bodord for meg!Select Psalms 119:19

20Mi sjæl er sunderknasa av lengting etter dine rettar all tid.Select Psalms 119:20

21Du hev truga dei stormodige, dei forbanna, som fer vilt frå dine bodord.Select Psalms 119:21

22Tak burt frå meg skam og vanvyrdnad! for dine vitnemål hev eg teke vare på.Select Psalms 119:22

23Jamvel hovdingar hev sete i samrøda mot meg; din tenar grundar på dine fyreskrifter.Select Psalms 119:23

24Dine vitnemål er og min hugnad, dei er mine rådgjevarar.Select Psalms 119:24

25Mi sjæl ligg nedi dusti, haldt meg i live etter ditt ord!Select Psalms 119:25

26Eg fortalde um mine vegar, og du svara meg; lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:26

27Lat meg få skyna vegen etter dine fyresegner! So vil eg grunda på dine under.Select Psalms 119:27

28Mi sjæl græt av sorg; reis meg upp etter ditt ord!Select Psalms 119:28

29Snu lygnevegen burt frå meg, og unn meg di lov!Select Psalms 119:29

30Truskaps veg hev eg valt, dine rettar hev eg sett framfyre meg.Select Psalms 119:30

31Eg heng fast ved dine vitnemål, Herre, lat meg ikkje verta til skammar!Select Psalms 119:31

32Vegen etter dine bodord vil eg springa, for du trøystar mitt hjarta.Select Psalms 119:32

33Herre, vis meg vegen etter dine fyreskrifter! so vil eg fara honom alt til endes.Select Psalms 119:33

34Gjev meg skyn, so vil eg taka vare på di lov og halda henne av alt mitt hjarta.Select Psalms 119:34

35Leid meg på dine bodords stig, for han er til hugnad for meg.Select Psalms 119:35

36Bøyg mitt hjarta til dine vitnemål og ikkje til urett vinning!Select Psalms 119:36

37Vend augo mine burt, so dei ikkje ser etter fåfengd, haldt meg i live på din veg!Select Psalms 119:37

38Uppfyll for din tenar ordet ditt, som gjer at ein ottast deg!Select Psalms 119:38

39Tak burt ifrå meg mi skjemsla som eg er rædd, for dine rettar er gode.Select Psalms 119:39

40Sjå, eg lengtar etter dine fyresegner, haldt meg i live ved di rettferd.Select Psalms 119:40

41Lat di miskunn, Herre, koma yver meg, di frelsa etter ditt ord!Select Psalms 119:41

42Eg vil gjeva svar til honom som spottar meg; for eg lit på ditt ord.Select Psalms 119:42

43Riv ikkje sannings ord so reint or munnen min, for på dine domar ventar eg.Select Psalms 119:43

44Stødt vil eg halda di lov, æveleg og alltid.Select Psalms 119:44

45Lat meg ferdast i det frie, for eg spør etter dine fyresegner!Select Psalms 119:45

46Eg vil tala um dine vitnemål for kongar, og eg skal ikkje verta til skammar.Select Psalms 119:46

47Eg vil frygda meg ved dine bodord, som eg elskar.Select Psalms 119:47

48Eg vil lyfta mine hender til dine bodord som eg elskar, og eg vil grunda på dine fyreskrifter.Select Psalms 119:48

49Kom i hug ditt ord til din tenar, med di du hev gjeve meg von!Select Psalms 119:49

50Det er mi trøyst i min vesaldom, at ditt ord hev halde meg i live.Select Psalms 119:50

51Ovmodige hev spotta meg mykje, frå di lov hev eg ikkje vike.Select Psalms 119:51

52Eg kom i hug, Herre, dine domar frå gamle dagar, og eg vart trøysta.Select Psalms 119:52

53Brennande harm hev eg vorte på dei ugudlege som forlet di lov.Select Psalms 119:53

54Dine fyreskrifter hev vorte mine lovsongar i det hus der eg bur som framand.Select Psalms 119:54

55Um natti kom eg ditt namn i hug, Herre, og eg heldt di lov.Select Psalms 119:55

56Dette timdest meg, at eg fekk taka vare på dine fyreskrifter.Select Psalms 119:56

57Herren er min lut, sagde eg, med di eg heldt dine ord.Select Psalms 119:57

58Eg naudbad deg av alt mitt hjarta: «Ver miskunnsam imot meg etter ditt ord!»Select Psalms 119:58

59Eg tenkte på mine vegar og vende mine føter til dine vitnemål.Select Psalms 119:59

60Eg skunda meg og tøvra ikkje med å halda dine bodord.Select Psalms 119:60

61Bandi til dei ugudlege hev snørt meg inn, di lov hev eg ikkje gløymt.Select Psalms 119:61

62Midt på natti stend eg upp og vil takka deg for dine rettferdslover.Select Psalms 119:62

63Eg held meg til alle deim som ottast deg, og som held dine fyresegner.Select Psalms 119:63

64Av di miskunn, Herre, er jordi full; lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:64

65Tenaren din hev du gjort vel imot, Herre, etter ditt ord.Select Psalms 119:65

66Lær meg god skynsemd og kunnskap! for eg trur på dine bodord.Select Psalms 119:66

67Fyrr eg vart nedbøygd, for eg vilt, men no held eg ditt ord.Select Psalms 119:67

68Du er god og gjer godt, lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:68

69Dei ovmodige hev spunne i hop lygn imot meg, av alt mitt hjarta held eg dine fyresegner.Select Psalms 119:69

70Deira hjarta er feitt som talg; eg fegnast ved di lov.Select Psalms 119:70

71Det var godt for meg at eg vart nedbøygd, so eg kunde læra dine fyreskrifter.Select Psalms 119:71

72Lovi frå din munn er betre for meg enn tusund stykke gull og sylv.Select Psalms 119:72

73Dine hender hev gjort meg og laga meg til, gjev meg skyn, so eg kann læra dine bodord!Select Psalms 119:73

74Dei som ottast deg, skal sjå meg og gleda seg, for på ditt ord ventar eg.Select Psalms 119:74

75Eg veit, Herre, at dine domar er rettferd, og at du i truskap hev bøygt meg ned.Select Psalms 119:75

76Lat di miskunn vera til trøyst for meg, etter det du hev sagt til din tenar!Select Psalms 119:76

77Lat di miskunn koma yver meg so eg kann liva! for di lov er mi lyst.Select Psalms 119:77

78Lat dei ovmodige verta skjemde! for dei hev trykt meg utan årsak. Eg grundar på dine fyresegner.Select Psalms 119:78

79Lat deim snu seg til meg, dei som ottast deg, og kjenner dine vitnemål!Select Psalms 119:79

80Lat mitt hjarta vera fullkome i dine fyreskrifter, so eg ikkje skal verta til skammar!Select Psalms 119:80

81Mi sjæl naudstundar etter di frelsa, eg ventar på ditt ord.Select Psalms 119:81

82Mine augo naudstundar etter ditt ord, og eg segjer: «Når vil du trøysta meg?»Select Psalms 119:82

83For eg er som ei lerflaska i røyk; dine fyreskrifter gløymer eg ikkje.Select Psalms 119:83

84Kor mange er vel dagarne for din tenar? Når vil du halda dom yver deim som forfylgjer meg?Select Psalms 119:84

85Dei ovmodige hev grave graver for meg, dei som ikkje liver etter di lov.Select Psalms 119:85

86Alle dine bodord er trufaste; med lygn forfylgjer dei meg; hjelp meg!Select Psalms 119:86

87Dei hadde so nær tynt meg i landet, men eg hev ikkje forlate dine fyresegner.Select Psalms 119:87

88Haldt meg i live etter di miskunn! So vil eg taka vare på vitnemålet frå din munn.Select Psalms 119:88

89Til æveleg tid, Herre, stend ditt ord fast i himmelen.Select Psalms 119:89

90Frå ætt til ætt varer din truskap, du hev grunnfest jordi, og ho stend.Select Psalms 119:90

91Til å setja dine domar i verk stend dei der i dag; for alle ting er dine tenarar.Select Psalms 119:91

92Dersom ikkje di lov hadde vore mi lyst, so hadde eg forgjengest i mi djupe naud.Select Psalms 119:92

93I all æva skal eg ikkje gløyma dine fyresegner, for ved deim hev du halde meg i live.Select Psalms 119:93

94Din er eg, frels meg! for dine fyresegner hev eg spurt etter.Select Psalms 119:94

95På meg hev dei ugudlege venta og vil tyna meg; på dine vitnemål agtar eg.Select Psalms 119:95

96På alt det fullkomne hev eg set ein ende; men dine bodord rekk ovleg vidt.Select Psalms 119:96

97Kor eg hev lovi di kjær! Heile dagen er ho i min tanke.Select Psalms 119:97

98Dine bodord gjer meg visare enn mine fiendar, for æveleg eig eg deim.Select Psalms 119:98

99Eg hev vorte klokare enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine vitnemål.Select Psalms 119:99

100Eg er vitugare enn dei gamle, for dine fyresegner hev eg teke vare på.Select Psalms 119:100

101Frå kvar vond stig hev eg halde mine føter burte, so eg kunde halda ditt ord.Select Psalms 119:101

102Frå dine lover hev eg ikkje vike, for du hev lært meg upp.Select Psalms 119:102

103Kor søt din tale er for gomen min, betre enn honning for munnen min.Select Psalms 119:103

104Av dine fyresegner fær eg vit, difor hatar eg kvar lygnestig.Select Psalms 119:104

105Ditt ord er ei lykt for min fot og eit ljos for min stig.Select Psalms 119:105

106Eg hev svore og hev halde det, å taka vare på dine rettferdslover.Select Psalms 119:106

107Eg er ovleg nedbøygd; Herre, haldt meg i live etter ditt ord!Select Psalms 119:107

108Lat min munns offer tekkjast deg, Herre, og lær meg dine rettar!Select Psalms 119:108

109Eg gjeng alltid med livet i neven, men di lov hev eg ikkje gløymt.Select Psalms 119:109

110Dei ugudlege hev lagt snara for meg; men frå dine fyresegner hev eg ikkje villa meg burt.Select Psalms 119:110

111Til æveleg eiga hev eg fenge dine vitnemål, for dei er mi hjartans gleda.Select Psalms 119:111

112Eg hev bøygt mitt hjarta til å gjera etter dine fyreskrifter, æveleg og til endes.Select Psalms 119:112

113Dei tvihuga hatar eg, men di lov elskar eg.Select Psalms 119:113

114Du er mi livd og min skjold, og på ditt ord ventar eg.Select Psalms 119:114

115Vik frå meg, de som gjer vondt, at eg kann halda min Guds bodord!Select Psalms 119:115

116Haldt meg uppe etter ditt ord, so eg kann liva, og lat meg ikkje verta til skammar med mi von!Select Psalms 119:116

117Haldt meg uppe, so eg kann verta frelst! So vil eg alltid sjå med lyst på dine fyreskrifter.Select Psalms 119:117

118Du agtar for inkje alle deim som fer vilt frå dine fyreskrifter; for deira svik er fåfengd.Select Psalms 119:118

119Som slagg kastar du burt alle ugudlege på jordi; difor elskar eg dine vitnemål.Select Psalms 119:119

120Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.Select Psalms 119:120

121Eg hev gjort rett og rettferd, du vil ikkje gjeva meg yver til deim som trykkjer meg.Select Psalms 119:121

122Gakk i borg for tenaren din, so det må ganga honom vel! lat ikkje dei ovmodige trykkja meg!Select Psalms 119:122

123Augo mine naudstundar etter di frelsa og etter ditt rettferdsord.Select Psalms 119:123

124Gjer med din tenar etter di miskunn og lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:124

125Eg er din tenar; gjev meg vit, so eg kann kjenna dine vitnemål!Select Psalms 119:125

126Det er tid for Herren til å gripa inn, dei hev brote di lov.Select Psalms 119:126

127Difor elskar eg dine bodord meir enn gull, ja, meir enn fint gull.Select Psalms 119:127

128Difor held eg alle fyresegner um alle ting for rette; eg hatar kvar lygnestig.Select Psalms 119:128

129Underfulle er dine vitnemål, difor tek mi sjæl vare på deim.Select Psalms 119:129

130Når ordi dine opnar seg, gjev dei ljos, og dei gjer dei einfalde kloke.Select Psalms 119:130

131Eg let munnen upp og sukka av lengting; for etter dine bodord stunda eg.Select Psalms 119:131

132Vend deg til meg og ver meg nådig, som rett er mot deim som elskar ditt namn!Select Psalms 119:132

133Gjer mine stig faste ved ditt ord, og lat ingen urett råda yver meg!Select Psalms 119:133

134Løys du meg ut or menneskjevald! So vil eg halda dine fyresegner.Select Psalms 119:134

135Lat di åsyn lysa på din tenar, og lær meg dine fyreskrifter!Select Psalms 119:135

136Vatsbekkjer renn or augo mine, av di folk ikkje held di lov.Select Psalms 119:136

137Rettferdig er du, Herre, og rette er dine domar.Select Psalms 119:137

138Du hev fyreskrive dine vitnemål i rettferd og i stor truskap.Select Psalms 119:138

139Min brennhug hev tært meg upp, av di mine motstandarar hev gløymt dine ord.Select Psalms 119:139

140Ditt ord er vel reinsa, og din tenar elskar det.Select Psalms 119:140

141Liten er eg og vanvyrd; dine fyresegner hev eg ikkje gløymt.Select Psalms 119:141

142Di rettferd er ei æveleg rettferd, og di lov er sanning.Select Psalms 119:142

143Naud og trengsla fann meg; dine bodord er mi lyst.Select Psalms 119:143

144Rettferdige er dine vitnemål til æveleg tid; gjev meg skyn, so eg kann liva!Select Psalms 119:144

145Eg ropar av alt mitt hjarta, svara meg, Herre! Dine fyreskrifter vil eg taka vare på.Select Psalms 119:145

146Eg ropar til deg, frels meg! so vil eg halda dine vitnemål.Select Psalms 119:146

147Tidleg i dagningi var eg uppe og ropa um hjelp; eg venta på ditt ord.Select Psalms 119:147

148Mine augo var uppe fyre nattevakterne, so eg kunde grunda på ditt ord.Select Psalms 119:148

149Høyr mi røyst etter di miskunn, Herre, haldt meg i live etter dine domar!Select Psalms 119:149

150Dei er nær som renner etter ugjerning; frå di lov er dei langt burte.Select Psalms 119:150

151Du er nær, Herre, og alle dine bodord er sanning.Select Psalms 119:151

152Longe sidan veit eg av dine vitnemål, at du hev grunnfest deim i all æva.Select Psalms 119:152

153Sjå til mi djupe naud og fria meg ut! For di lov hev eg ikkje gløymt.Select Psalms 119:153

154Før mi sak, og løys meg ut, haldt meg i live etter ditt ord!Select Psalms 119:154

155Frelsa er langt frå dei ugudlege, for dine fyreskrifter spør dei ikkje etter.Select Psalms 119:155

156Di miskunn er stor, Herre; haldt meg i live etter dine domar!Select Psalms 119:156

157Mange er dei som forfylgjer meg og stend meg imot; frå dine vitnemål hev eg ikkje vike.Select Psalms 119:157

158Eg såg dei utrue og fekk uhug, av di dei ikkje heldt ditt ord.Select Psalms 119:158

159Sjå at eg hev elska dine fyresegner! Herre, haldt meg i live etter di miskunn!Select Psalms 119:159

160Summen av ditt ord er sanning, og æveleg stend all di rettferds lov.Select Psalms 119:160

161Hovdingar forfylgde meg utan orsak, men mitt hjarta ottast dine ord.Select Psalms 119:161

162Eg gled meg yver ditt ord, som når ein finn mykje herfang.Select Psalms 119:162

163Lygn hev eg hata og havt stygg til; di lov hev eg elska.Select Psalms 119:163

164Sju gonger um dagen hev eg lova deg for dine rettferdige domar.Select Psalms 119:164

165Mykje fred hev dei som elskar di lov, og ingen støyt fær deim til fall.Select Psalms 119:165

166Eg hev venta på di frelsa, Herre, og dine bodord hev eg halde.Select Psalms 119:166

167Mi sjæl hev halde dine vitnemål, og eg elska deim mykje.Select Psalms 119:167

168Eg hev halde dine fyresegner og dine vitnemål, for alle mine vegar er for di åsyn.Select Psalms 119:168

169Lat mitt klagerop koma fram for di åsyn, Herre! Gjev meg skyn etter ditt ord.Select Psalms 119:169

170Lat mi bøn koma for di åsyn! Frels meg etter ditt ord!Select Psalms 119:170

171Mine lippor skal fløda yver av lovsong, for du lærer meg dine fyreskrifter;Select Psalms 119:171

172Mi tunga skal syngja um ditt ord; for alle dine bodord er rettferd.Select Psalms 119:172

173Lat di hand vera meg til hjelp! for dine fyresegner hev eg valt ut.Select Psalms 119:173

174Eg lengtar etter di frelsa, Herre, og di lov er mi lyst.Select Psalms 119:174

175Lat mi sjæl leva og lova deg, og lat dine domar hjelpa meg!Select Psalms 119:175

176Eg hev fare vilt; leita upp din tenar som ein burtkomen sau! for dine bodord hev eg ikkje gløymt.Select Psalms 119:176

Next: Psalms 120Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Psalms

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.