Psalms 120
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ein song til høgtidsferderne. Til Herren ropa eg i mi naud, og han svara meg.Select Psalms 120:1
2Herre, frels mi sjæl frå ljugarlippa, frå den falske tunga!Select Psalms 120:2
3Kva skal han gjeva deg, og kva meir skal han gjeva deg, du falske tunga?Select Psalms 120:3
4Kveste piler til ei kjempa og gløder av einebuska.Select Psalms 120:4
5Usæl eg, som framand er imillom Mesek, og bur ved Kedars tjeld!Select Psalms 120:5
6Lenge nok hev sjæli mi butt hjå deim som hatar fred.Select Psalms 120:6
7Eg er berre fred, men når eg talar, er dei ferdige til strid.Select Psalms 120:7
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain