Skip to content
Church.wiki

Psalms 131

Studentmållagsbibelen frå 1921

1 Ein song til høgtidsferderne; av David. Herre, ikkje er mitt hjarta stolt og ikkje augo mine storlåtne, og ikkje gjeng eg med tankar som er altfor underlege for meg.

2 Nei, eg hev fenge sjæli til å vera still og tegja som avvant barn hjå mor si, som avvant barn er sjæli mi hjå meg.

3 Venta, Israel, på Herren, frå no og i all æva!

About this translation

Studentmållagsbibelen frå 1921 · Norwegian nynorsk

Studentmållagsbibelen frå 1921

Public Domain · Translation source

Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921