Psalms 132
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Ein song til høgtidsferderne. Herre, kom i hug for David all hans møda!Select Psalms 132:1
2Han som svor for Herren, lova Jakobs velduge:Select Psalms 132:2
3«Ikkje gjeng eg inn i mitt heimetjeld, ikkje stig eg upp på lega i mi seng,Select Psalms 132:3
4ikkje unner eg augo svevn, ikkje augneloki ein blund,Select Psalms 132:4
5fyrr eg finn ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs velduge.»Select Psalms 132:5
6Sjå, me høyrde um henne i Efrata, so fann me henne i skogbygdi.Select Psalms 132:6
7Lat oss ganga til hans bustad, lat oss tilbeda for hans fotskammel!Select Psalms 132:7
8Statt upp, Herre, og kom til din kvilestad, du og ditt veldes kista!Select Psalms 132:8
9Prestarne dine klæde seg i rettferd, og dine trugne ropa med fagnad!Select Psalms 132:9
10For David, din tenars skuld vis ikkje frå deg åsyni åt den du hev salva!Select Psalms 132:10
11Herren hev svore David ein sann eid, den gjeng han ikkje ifrå: «Av di livsfrukt vil eg setja kongar på din stol.Select Psalms 132:11
12Dersom dine søner held mi pakt og mine vitnemål som eg skal læra deim, so skal og deira søner æveleg og alltid sitja på din kongsstol.»Select Psalms 132:12
13For Herren hev valt seg Sion, han ynskte det til sin bustad:Select Psalms 132:13
14«Dette er min kvilestad for all tid, her vil eg bu, for det hev eg ynskt.Select Psalms 132:14
15Maten her vil eg rikleg signa, dei fatige vil eg metta med brød,Select Psalms 132:15
16og prestarne vil eg klæda med frelsa, og dei gudlege skal ropa høgt av fagnad.Select Psalms 132:16
17Der vil eg lata veksa upp eit horn for David, der hev eg stelt til ei lampa for den eg hev salva.Select Psalms 132:17
18Hans fiendar vil eg klæda med skam, men yver honom skal hans kruna stråla.»Select Psalms 132:18
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain