Skip to content
Church.wiki
Psalms

Psalms 137

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Ved Babels elvar, der sat me og gret, når me kom Sion i hug.Select Psalms 137:1

2På vier-runnarne der i landet hengde me harporne våre.Select Psalms 137:2

3For der kravde dei som heldt oss fanga song av oss, og våre plågarar kravde gleda: «Syng åt oss av Sions songar!»Select Psalms 137:3

4Korleis kann me syngja Herrens song på framand jord?Select Psalms 137:4

5Um eg gløymer deg, Jerusalem, so gjev mi høgre hand må gløyma seg burt!Select Psalms 137:5

6Gjev tunga må hanga fast ved gomen min, dersom eg ikkje kjem deg i hug, dersom eg ikkje set Jerusalem yver mi høgste gleda.Select Psalms 137:6

7Herre, hugsa Edoms søner Jerusalems dag! dei som sagde: «Riv ned, riv ned, radt ned til grunnen!»Select Psalms 137:7

8Babels dotter, du øydelagde! sæl er den som gjev deg løn for den gjerning du gjorde imot oss!Select Psalms 137:8

9Sæl er den som tek og krasar dine småborn imot berget!Select Psalms 137:9

Next: Psalms 138Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Psalms

Selected verses

Tap another verse to select a range.