Psalms 138
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Av David. Eg vil prisa deg av alt mitt hjarta, for augo på gudarne vil eg syngja deg lov.Select Psalms 138:1
2Eg vil kasta meg ned framfyre ditt heilage tempel, eg vil takka ditt namn for di miskunn og for din truskap; for du hev gjort ditt ord herlegt yver alt ditt namn.Select Psalms 138:2
3Den dagen eg ropa, svara du meg, du gjorde meg frihuga, styrkte mi sjæl.Select Psalms 138:3
4Herre, alle kongar på jordi skal prisa deg, når dei fær høyra ordi av din munn.Select Psalms 138:4
5Og dei skal syngja um Herrens vegar; for Herrens æra er stor,Select Psalms 138:5
6for Herren er høg og ser til den låge, og den stormodige kjenner han langan veg.Select Psalms 138:6
7Um eg ferdast midt i naudi, held du meg i live, mot harmen til mine fiendar retter du ut di hand, og ho frelser meg, di høgre hand.Select Psalms 138:7
8Herren vil fullføra sitt verk for meg. Herre, di miskunn varer æveleg; det verk dine hender hev gjort, må du ikkje gjeva upp!Select Psalms 138:8
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain