Psalms 47
Studentmållagsbibelen frå 1921
1 Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme.
2 Klappa i henderne, alle folk! Kved høgt for Gud med fagnadrøyst!
3 For Herren, den Høgste, er ageleg, ein stor konge yver all jordi.
4 Han legg folk under oss og folkeslag under våre føter.
5 Han vel ut vår arvlut åt oss, til gilda for Jakob som han elskar. Sela.
6 Gud for upp med fagnadrop, Herren med basunljod.
7 Syng lov for Gud, syng lov! Syng lov for vår konge, syng lov!
8 For Gud er konge yver all jordi; syng til hans lov ein visleg song!
9 Gud hev teke riket yver folki, Gud hev sett seg på sin heilage kongsstol. Folkedrottarne samlar seg som eit folk til Abrahams Gud; for skjoldarne på jordi høyrer Gud til, han er høgt upphøgd.
About this translation
Studentmållagsbibelen frå 1921 · Norwegian nynorsk
Studentmållagsbibelen frå 1921
Public Domain · Translation source
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921