Psalms 87
Studentmållagsbibelen frå 1921
1 Av Korahs born; ein salme, ein song. Det som han hev grunnfest på dei heilage fjelli,
2 Sions portar elskar Herren mest av alle Jakobs bustader.
3 Herlege ting er sagde um deg, du Guds by. Sela.
4 «Eg vil nemna Rahab og Babel millom deim som kjenner meg; sjå Filistaren, Tyrus og Kusj: Denne er fødd der.»
5 Og um Sion skal det verta sagt: «Kvar ein er fødd der», og han, den Høgste, gjer det fast.
6 Herren skal telja soleis, når folki vert uppskrivne: «Denne er fødd der.» Sela.
7 Og dei som syng og dei som dansar, skal segja: «Alle mine kjeldor er i deg.»
About this translation
Studentmållagsbibelen frå 1921 · Norwegian nynorsk
Studentmållagsbibelen frå 1921
Public Domain · Translation source
Den første komplette Bibel på nynorsk, utgitt av Studentmållaget i Oslo i 1921