Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 11

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og det vart gjeve meg ei røyr liksom ein stav, med dei ordi: «Statt upp og mæl Guds tempel og altaret og deim som tilbed der!Select Revelation 11:1

2Men fyregarden utanfor templet, lat honom vera og mæl honom ikkje! for han er gjeven åt heidningarne, og dei skal trøda ned den heilage byen i tvo og fyrti månader.Select Revelation 11:2

3Og eg vil gjeva mine tvo vitne, at dei skal vera profetar i tusund og tvo hundrad og seksti dagar, klædde i sekk.Select Revelation 11:3

4Dette er dei tvo oljetrei og dei tvo ljosestakarne som stend framfor Herren yver jordi.Select Revelation 11:4

5Og dersom nokon vil gjera deim skade, so gjeng det eld ut or munnen deira og fortærer fiendarne deira; ja, dersom nokon vil gjera deim skade, skal han soleis verta drepen.Select Revelation 11:5

6Desse hev magt til å lata att himmelen, so de ikkje skal falla regn i dei dagar dei er profetar; og dei hev magt yver vatni til å umskapa deim til blod og til å slå jordi med allslag plåga, so ofte dei vil.Select Revelation 11:6

7Og når dei hev fullført sitt vitnemål, skal det dyret som stig upp or avgrunnen, føra strid med deim og vinna på deim og drepa deim.Select Revelation 11:7

8Og liki deira skal liggja på gatorne i den store byen, den som i åndeleg tyding vert kalla Sodoma og Egyptarland, der som og deira herre vart krossfest.Select Revelation 11:8

9Og nokre av landslydarne og ætterne og tungemåli og folki skal sjå liki deira tri dagar og ein halv og ikkje lata liki deira verta lagde i grav.Select Revelation 11:9

10Og dei som bur på jordi, skal gleda seg yver deim og fagna seg og senda kvarandre gåvor, av di desse tvo profetarne var til plåga for deim som bur på jordi.»Select Revelation 11:10

11Og etter dei tri dagar og ein halv kom det livs-ande frå Gud i deim, og dei stod på føterne, og ein stor otte fall på deim som såg deim.Select Revelation 11:11

12Og dei høyrde ei høg røyst frå himmelen som sagde til deim: «Stig upp her!» Og dei steig upp til himmelen i skyi, og fiendarne deira såg deim.Select Revelation 11:12

13Og i same stundi kom det ein stor jordskjelv, og tiandeparten av byen fall, og sju tusund mann vart drepne i jordskjelven; og dei andre vart forfærde og gav Gud i himmelen æra.Select Revelation 11:13

14Det andre usæle er yverstade; sjå, det tridje usæle kjem snart.Select Revelation 11:14

15Og den sjuande engelen bles. Og det vart høyrt høge røyster i himmelen, som sagde: «Kongedømet yver verdi er tilfalle vår Herre og den han salva, og han skal vera konge i all æva.»Select Revelation 11:15

16Og dei fire og tjuge eldste, som sit framfor Gud på stolarne sine, fall ned på sitt andlit og tilbad GudSelect Revelation 11:16

17og sagde: «Me takkar deg, Herre Gud, du allmegtige, du som er og som var, at du hev teke di store magt og vorte konge.Select Revelation 11:17

18Og heidningarne hev vorte vreide, og din vreide er komen, og den tid då dei daude skal dømast, og då du skal løna dine tenarar, profetarne og dei heilage og deim som ottast ditt namn, dei små og dei store, og då du skal øyda deim som øyder jordi.»Select Revelation 11:18

19Og Guds tempel i himmelen vart upplate, og hans sambandskista vart sedd i templet hans; og det kom ljoneldar og røyster og toredunar og jordskjelv og stort hagl.Select Revelation 11:19

Next: Revelation 12Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.