Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 19

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Deretter høyrde eg liksom ei høg røyst av ein stor skare i himmelen, som sagde: «Halleluja! Frelsa og æra og magti tilhøyrer vår Gud!Select Revelation 19:1

2For sanne og rettferdige er hans domar; for han hev dømt den store skjøkja, ho som øydelagde jordi med sin hordom, og han hev kravt blodet av sine tenarar ut or hennar hand!»Select Revelation 19:2

3Og dei sagde ein gong til: «Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.»Select Revelation 19:3

4Og dei fire og tjuge eldste og dei fire livendi fall ned og tilbad Gud, som sat på kongsstolen, og sagde: «Amen! halleluja!»Select Revelation 19:4

5Og det kom ei røyst ut frå kongsstolen og sagde: «Lova vår Gud, alle hans tenarar, og de som ottast honom, både små og store!»Select Revelation 19:5

6Og eg høyrde liksom ei røyst av ein stor skare, og som ein ljod av mange vatn, og som ein ljod av sterke toredunar, som sagde: «Halleluja! for Herren, Gud den allmegtige, hev vorte konge!Select Revelation 19:6

7Lat oss gleda og fagna oss og gjeva honom æra, for brudlaupet åt Lambet er kome, og bruri hans hev butt seg til!Select Revelation 19:7

8Og det er henne gjeve å klæda seg i reint og skinande fint linty; for det fine lintyet er dei rettferdige gjerningar av dei heilage.»Select Revelation 19:8

9Og han segjer til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til brudlaups-nattverden åt Lambet!» Og han segjer til meg: «Dette er Guds sanne ord.»Select Revelation 19:9

10Og eg fall ned for føterne hans og vilde tilbeda honom, og han segjer til meg: «Sjå til du ikkje gjer det! eg er medtenar til deg og brørne dine, som hev Jesu vitnemål. Tilbed Gud! For Jesus vitnemål er anden med profetordet.»Select Revelation 19:10

11Og eg såg himmelen opna, og sjå: ein kvit hest; og den som sat på honom, heiter «Trufast og sannordig», og han dømer og strider med rettferd.Select Revelation 19:11

12Augo hans er som eldsloge, og på hovudet hans er det mange krunor; han hev eit namn skrive som ingen kjenner, utan han sjølv.Select Revelation 19:12

13Og han er klædd i ein klædnad, duppa i blod, og hans namn er kalla: «Guds ord».Select Revelation 19:13

14Og herarne i himmelen fylgde honom på kvite hestar og klædde i kvitt og reint fint linty.Select Revelation 19:14

15Og or munnen hans gjeng det ut eit kvast sverd til å slå heidningarne med, og han skal styra deim med jarnstav, og han trøder persa med den strenge vreide-vin frå Gud, den allmegtige.Select Revelation 19:15

16Og han hev på sin klædnad og på si lend eit namn skrive: «Kongen yver kongar og herren yver herrar.»Select Revelation 19:16

17Og eg såg ein engel som stod i soli, og han ropa med høg røyst og sagde til alle fuglar som flyg under det høgste av himmelen: «Kom og sanka dykk til Guds store matmål:Select Revelation 19:17

18til å eta kjøt av kongar og kjøt av herhovdingar og kjøt av velduge og kjøt av hestar og kjøt av deim som sat på deim, og kjøt av alle, frie og trælar, små og store!»Select Revelation 19:18

19Og eg såg dyret og kongarne på jordi og herarne deira samankomne til å føra strid mot honom som sat på hesten, og mot hans her.Select Revelation 19:19

20Og dyret vart gripe, og saman med det den falske profeten, han som for augo på det hadde gjort dei teikni han hadde dåra deim med som tok merket åt dyret og tilbad bilætet av det. Desse tvo vart kasta livande i eldsjøen som brenn med svåvel.Select Revelation 19:20

21Og dei andre vart drepne med sverdet hans som sat på hesten, det som gjekk ut or munnen hans. Og alle fuglarne vart metta av kjøtet deira.Select Revelation 19:21

Next: Revelation 20Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.