Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 21

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og eg såg ein ny himmel og ei ny jord; for den fyrste himmelen og den fyrste jordi hadde kvorve burt, og havet er ikkje meir.Select Revelation 21:1

2Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, stiga ned ifrå himmelen frå Gud, budd som ei brur som er prydd for brudgomen sin.Select Revelation 21:2

3Og eg høyrde ei høg røyst frå kongsstolen, som sagde: «Sjå, Guds bustad er hjå menneski, og han skal bu hjå deim; og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå deim og vera deira Gud.Select Revelation 21:3

4Og han skal turka kvar tåra av augo deira, og dauden skal ikkje meir vera til, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsla skal meir vera til; for dei fyrste ting er burtfarne.»Select Revelation 21:4

5Og han som sat på kongsstolen, sagde: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han segjer til meg: «Skriv! for desse ordi er truverdige og sanne.»Select Revelation 21:5

6Og han sagde til meg: «Det er gjort. Eg er A og Å, upphavet og enden. Eg vil gjeva den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje.Select Revelation 21:6

7Den som sigrar, skal erva alle ting, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.Select Revelation 21:7

8Men dei som er ræddhuga og vantruande og styggjelege og manndråparar og horkarar og trollmenner og avgudsdyrkarar og alle ljugarar, deira lut skal vera i sjøen som brenn med eld og svåvel; det er den andre dauden.»Select Revelation 21:8

9Og ein av dei sju englarne som hadde dei sju skålerne, fyllte med dei sju siste plågorne, kom til meg og tala med meg og sagde: «Kom, eg skal visa deg bruri, vivet til Lambet!»Select Revelation 21:9

10Og han førde meg i åndi burt på eit stort og høgt fjell og viste meg den heilage byen Jerusalem, som steig ned frå himmelen frå Gud.Select Revelation 21:10

11Han hadde Guds herlegdom, og hans ljos var som av den kostelegaste stein, som krystallblank jaspis.Select Revelation 21:11

12Og han hadde ein stor og høg mur, han hadde tolv portar, og på portarne tolv englar og innskrivne namn, som er namni på dei tolv ætter av Israels born:Select Revelation 21:12

13mot aust tri portar, mot nord tri portar, mot sud tri portar, mot vest tri portar.Select Revelation 21:13

14Og muren um byen hadde tolv grunnsteinar, og på deim namni på dei tolv apostlar åt Lambet.Select Revelation 21:14

15Og han som tala med meg, hadde ei gullrøyr til å mæla byen og portarne og muren hans.Select Revelation 21:15

16Og byen ligg i ein firkant, og lengdi på honom er so stor som breiddi. Og han mælte byen med røyri: tolv tusund stadier; lengd og breidd og høgd på honom er like.Select Revelation 21:16

17Og han mælte muren um honom: eit hundrad og fire og fyrti alner, etter eit menneskjemål, som og er engle-mål.Select Revelation 21:17

18Og muren var bygd av jaspis, og byen var av reint gull, lik reint glas.Select Revelation 21:18

19Og grunnsteinarne i bymuren var prydde med allslag dyre steinar: den fyrste grunnsteinen var jaspis, den andre safir, den tridje kalcedon, den fjorde smaragd,Select Revelation 21:19

20den femte sardonyx, den sette sarder, den sjuande krysolit, den åttande beryll, den niande topas, den tiande krysopras, den ellevte hyacint, den tolvte ametyst.Select Revelation 21:20

21Og dei tolv portarne var tolv perlor; kvar ein av portarne var av ei perla, og gata i byen var reint gull som klårt glas.Select Revelation 21:21

22Og eg såg ikkje noko tempel i honom; for hans tempel er Herren, Gud den allmegtige, og Lambet.Select Revelation 21:22

23Og byen treng ikkje soli eller månen til å skina åt seg; for Guds herlegdom upplyser honom, og Lambet er hans ljos.Select Revelation 21:23

24Og folki skal ferdast i hans ljos, og kongarne på jordi ber sin herlegdom til honom.Select Revelation 21:24

25Og hans portar skal aldri verta stengde um dagen; for natt skal ikkje vera der.Select Revelation 21:25

26Og dei skal bera herlegdomen og æra frå folki til honom.Select Revelation 21:26

27Og inkje ureint skal koma inn i honom, og ingen som fer med styggedom og lygn; berre dei som er innskrivne i livsens bok hjå Lambet.Select Revelation 21:27

Next: Revelation 22Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.