Revelation 4
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Deretter såg eg, og sjå, det var ei dør opna i himmelen, og den fyrste røysti som eg hadde høyrt liksom ein basun som tala med meg, sagde: «Stig upp her, so skal eg syna deg det som skal hendast heretter!»Select Revelation 4:1
2Straks var eg burtrykt i Anden, og sjå, ein kongsstol stod i himmelen, og det sat ein på stolen.Select Revelation 4:2
3Og han som sat der, var sjåande til liksom jaspis og sarderstein, og det var ein regnboge rundt um stolen, å sjå til liksom smaragd.Select Revelation 4:3
4Og rundt ikring stolen var det fire og tjuge stolar, og på stolarne såg eg fire og tjuge eldste sitjande, klædde i kvite klæde, og dei hadde gullkrunor på hovudi sine.Select Revelation 4:4
5Og frå stolen for det ut ljoneldar og røyster og toredunar, og framfor stolen brann sju eldkyndlar, som er dei sju Guds ånder.Select Revelation 4:5
6Og framfor stolen var det eit glashav likt krystall, og midt fyre stolen og rundt um stolen er det fire livende, uppfyllte med augo framantil og attantil.Select Revelation 4:6
7Og den fyrste livendet er likt ei løva, og det andre livendet er likt ein ukse, og det tridje livendet hev åsyn som eit menneskje, og det fjorde livendet er likt ei fljugande ørn.Select Revelation 4:7
8Og dei fire livendi hadde, kvart for seg, seks vengjer; rundt ikring og innantil var dei uppfyllte med augo, og dei held ikkje upp dag eller natt med å segja: «Heilag, heilag, heilag er Herren, Gud den allmegtige, han som var og som er og som kjem!»Select Revelation 4:8
9Og når dei fire livendi gjev æra og pris og takk åt honom som sit på stolen, og som liver i all æva,Select Revelation 4:9
10so fell dei fire og tjuge eldste ned for honom som sit på stolen, og tilbed honom som liver i all æva, og kastar krunorne sine ned for stolen og segjer:Select Revelation 4:10
11«Verdig er du, Herre, til å få æra og pris og magt! for du skapte alle ting, og for din vilje skuld var dei til og vart dei skapte!»Select Revelation 4:11
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation