Skip to content
Church.wiki
Revelation

Revelation 6

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Og eg såg då Lambet opna eit av dei sju innsigli, og eg høyrde eit av dei fire livendi segja som med torerøyst: «Kom!»Select Revelation 6:1

2Og eg såg, og sjå, ein kvit hest; og han som sat på honom, hadde ein boge, og det vart gjeve honom ei kruna, og han drog ut med siger og til siger.Select Revelation 6:2

3Og då det opna det andre innsiglet, høyrde eg det andre livendet segja: «Kom!»Select Revelation 6:3

4Og det kom ut ein annan hest, som var raud, og honom som sat på honom, vart det gjeve å taka freden burt frå jordi, og at dei skulde slagta kvarandre; og det var gjeve honom eit stort sverd.Select Revelation 6:4

5Og då det opna det tridje innsiglet, høyrde eg det tridje livendet segja; «Kom!» Og eg såg, og sjå, ein svart hest; og han som sat på honom, hadde ei vegt i handi.Select Revelation 6:5

6Og eg høyrde liksom ei røyst midt imillom dei fire livendi, som sagde: «Eit mål kveite for ein pening, og tri mål bygg for ein pening; men oljen og vinen skal du ikkje skada.»Select Revelation 6:6

7Og då det opna det fjorde innsiglet, høyrde eg røysti av det fjorde livendet, som sagde: «Kom!»Select Revelation 6:7

8Og eg såg, og sjå, ein gul hest; og han som sat på honom, hans namn var Dauden, og helheimen fylgde med honom: og det vart gjeve deim magt yver fjordeparten av jordi til å drepa med sverd og med svolt og med sott og ved villdyri på jordi.Select Revelation 6:8

9Og då det opna det femte innsiglet, såg eg under altaret deira sjæler som var myrde for Guds ord og det vitnemål skuld som dei hadde.Select Revelation 6:9

10Og dei ropa med høg røyst og sagde: «Herre, du heilage og sannordige, kor lenge drygjer du fyrr du held dom og hemner blodet vårt på deim som bur på jordi?»Select Revelation 6:10

11Og det vart gjeve deim kvar ein lang, kvit kjole, og det vart sagt deim at dei skulde slå seg til ro endå ei liti stund, til dess talet vart fullt på deira medtenarar og brør som skulde verta ihelslegne liksom dei.Select Revelation 6:11

12Og eg såg då det opna det sette innsiglet, og sjå, det vart ein stor jordskjelv, og soli vart svart som ein hårsekk, og månen vart som blod.Select Revelation 6:12

13Og stjernorne på himmelen fall ned på jordi, liksom eit fiketre kastar sine umogne fikor ned når det vert rist av sterk vind.Select Revelation 6:13

14Og himmelen kvarv i hop som ein bokrull som vert samanrulla, og kvart fjell og kvar øy vart flutt frå sin stad.Select Revelation 6:14

15Og kongarne på jordi og stormennerne og herhovdingarne og dei rike og dei velduge og kvar træl og kvar fri mann gøymde seg i holor og i berghamrar.Select Revelation 6:15

16Og dei segjer til fjelli og hamrarne: «Fall yver oss og gøym oss for hans åsyn som sit på kongsstolen og for vreiden til Lambet!Select Revelation 6:16

17For deira store vreide-dag er komen, og kven kann standa seg?»Select Revelation 6:17

Next: Revelation 7Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Revelation

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.