Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 10

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Brør! mitt hjartans ynskje og mi bøn til Gud for deim er at dei må verta frelste.Select Romans 10:1

2For eg gjev deim det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd;Select Romans 10:2

3for då dei ikkje kjende Guds rettferd, men stræva etter å grunna si eigi rettferd, so gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.Select Romans 10:3

4For Kristus er enden på lovi til rettferd for kvar den som trur.Select Romans 10:4

5For Moses skriv um den rettferd som er av lovi: «Det menneskjet som gjer desse ting, skal liva ved deim.»Select Romans 10:5

6Men den rettferdi som er av tru, segjer so: «Seg ikkje i ditt hjarta: «Kven skal fara upp til himmelen» - det vil segja til å henta Kristus ned -?Select Romans 10:6

7eller: «Kven skal fara ned i avgrunnen» - det vil segja til å henta Kristus upp frå dei daude -?»Select Romans 10:7

8Men kva segjer ho? «Ordet er deg nær i munnen din og i hjarta ditt;» det er ordet um tru, det som me forkynner,Select Romans 10:8

9for dersom du sannar med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte honom upp frå dei daude, so skal du verta frelst;Select Romans 10:9

10for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.Select Romans 10:10

11For Skrifti segjer: «Kvar den som trur på honom, skal ikkje verta til skammar.»Select Romans 10:11

12For det er inkje skil på jøde og grækar; alle hev dei same Herre, som er rik nok for alle som kallar på honom.Select Romans 10:12

13For kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.Select Romans 10:13

14Korleis skal dei då kalla på den som dei ikkje trur på? og korleis skal dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis skal dei høyra utan det er nokon som forkynner?Select Romans 10:14

15Og korleis skal dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: «Kor fagre føterne deira er, som forkynner fred, som ber godt bod!»Select Romans 10:15

16Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Jesaja segjer: «Herre, kven trudde det bodet me høyrde?»Select Romans 10:16

17So kjem då trui av høyring, men høyringi ved Kristi ord.Select Romans 10:17

18Men eg segjer: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau, til vissa; «røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.»Select Romans 10:18

19Men eg segjer: Skyna ikkje Israel det då? Fyrst segjer Moses: «Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk, på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.»Select Romans 10:19

20Og Jesaja vågar seg til å segja: «Eg vart funnen av deim som ikkje søkte meg; eg synte meg for deim som ikkje spurde etter meg.»Select Romans 10:20

21Men um Israel segjer han: «All dagen rette eg ut henderne mine til eit ulydugt og motstridigt folk.»Select Romans 10:21

Next: Romans 11Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.