Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 11

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Difor segjer eg: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå; for eg er og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.Select Romans 11:1

2Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer der ho talar um Elia, korleis han stig fram for Gud imot Israel og segjer:Select Romans 11:2

3«Herre! Profetarne dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart åleine att, og dei stend meg etter livet.»Select Romans 11:3

4Men kva segjer Guds svar til honom? «Eg leivde meg sju tusund mann som ikkje bøygde kne for Ba’al.»Select Romans 11:4

5Soleis hev det då og i denne tid vorte att ein leivning etter nådens utveljing.Select Romans 11:5

6Men er det av nåde, so er det ikkje lenger av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger.Select Romans 11:6

7Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått, men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherde,Select Romans 11:7

8som skrive stend: «Gud gav deim ei dauvskapsånd, augo til å ikkje sjå og øyro til å ikkje høyra, alt til den dag i dag.»Select Romans 11:8

9Og David segjer: «Lat bordet deira verta deim ei snara og ei gildra ei fella og ei attergjeld!Select Romans 11:9

10Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg alltid ryggen deira!»Select Romans 11:10

11Difor segjer eg: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningarne, so det skal vekkja deim til kapphug.Select Romans 11:11

12Men er deira fall ein rikdom for verdi, og deira skade ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då deira fullending!Select Romans 11:12

13For til dykk talar eg, de heidningar. So sant som eg er heidningapostel, ærar eg embættet mitt,Select Romans 11:13

14um eg då kunde vekkja samættingarne mine til kapphug og få frelst nokre av deim.Select Romans 11:14

15For hev verdi vorte forlikt med Gud med då dei var burtkasta, kva anna vert det då enn liv av daude, når dei vert mottekne?Select Romans 11:15

16Men er fyrstegrøda heilag, so er deigi det og, og er roti heilag, so er greinerne det og.Select Romans 11:16

17Um no like vel sume av greinerne vart avbrotne, og du, som var ein vill oljekvist, vart innpota imillom deim og vart samhavande med deim i roti og feita på oljetreet,Select Romans 11:17

18so rosa deg ikkje imot greinerne! men um du rosar deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg.Select Romans 11:18

19So vil du vel segja: «Greinerne vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.»Select Romans 11:19

20Ja vel! ved si vantru vart dei avbrotne, men du stend ved trui; ovmodast ikkje, men ottast!Select Romans 11:20

21For sparde ikkje Gud dei naturlege greinerne, so vil han ikkje spara deg heller.Select Romans 11:21

22Sjå då Guds godleik og strengleik: Strengleik imot deim som er falne, men godleik imot deg, so framt du held deg til godleiken, elles skal du og verta avhoggen.Select Romans 11:22

23Men hine skal og verta innpota, dersom dei ikkje held fram i vantrui; for Gud er megtig til å pota deim inn att.Select Romans 11:23

24For dersom du vart avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller skal dei då verta innpota i sitt eige oljetre, dei som av naturi høyrer til der!Select Romans 11:24

25For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um denne løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding til deils er komi yver Israel, til dess at fullnaden av heidningarne er komen inn,Select Romans 11:25

26og so skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: «Frå Sion skal frelsaren koma, rydja gudløysa burt frå Jakob,Select Romans 11:26

27og når eg tek burt deira synder, er dette mi pakti med deim.»Select Romans 11:27

28Etter evangeliet er dei fiendar for dykkar skuld, men etter utveljingi er dei elska for federne skuld;Select Romans 11:28

29for Gud tregar ikkje på nådegåvorne sine og kallet sitt.Select Romans 11:29

30For liksom de fyrr var ulyduge mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad,Select Romans 11:30

31so hev dei og no vore ulyduge for at dei og skal få miskunn med den miskunn som de hev fenge;Select Romans 11:31

32for Gud hev gjeve deim alle yver til ulydnad, so han skulde kunna miskunna deim alle.Select Romans 11:32

33Å, for djup av rikdom og visdom hjå Gud! Kor uransakelege domarne hans er, og kor urekkjande vegarne hans!Select Romans 11:33

34For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans?Select Romans 11:34

35Eller kven gav honom noko fyreåt, so han skulde få vederlag att?Select Romans 11:35

36For av honom og ved honom og til honom er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.Select Romans 11:36

Next: Romans 12Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.