Romans 16
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Eg legg eit godt ord inn for Føbe, syster vår, som er tenar for kyrkjelyden i Kenkreæ,Select Romans 16:1
2at de tek imot henne i Herren, som det sømer dei heilage, og hjelper henne med alt som ho treng av dykk; for ho hev vore til hjelp for mange, ja for meg sjølv og.Select Romans 16:2
3Helsa Priska og Akvilas, mine medarbeidarar i Kristus Jesus -Select Romans 16:3
4dei hev våga sitt eige liv for meg, og ikkje berre eg takkar deim, men og alle kyrkjelydar av heidningarne -Select Romans 16:4
5og helsa kyrkjelyden i deira hus. Helsa Epænetus, min kjære, som er fyrstegrøda av Asia for Kristus.Select Romans 16:5
6Helsa Maria, som hev arbeidt mykje for dykk.Select Romans 16:6
7Helsa Andronikus og Junias, mine skyldfolk og medfangar, dei er namngjetne millom apostlarne, og dei kom og til Kristus fyre meg.Select Romans 16:7
8Helsa Amplias, min kjære bror i Herren.Select Romans 16:8
9Helsa Urbanus, vår medarbeidar i Kristus, og min kjære Stakys.Select Romans 16:9
10Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus. Helsa deim som høyrer til Aristobulus’ hus.Select Romans 16:10
11Helsa Herodion, skyldingen min. Helsa deim frå Narkissus’ hus, som er i Herren.Select Romans 16:11
12Helsa Tryfæna og Tryfosa, som hev arbeidt i Herren. Helsa Persis, den kjære, ho hev arbeidt mykje i Herren.Select Romans 16:12
13Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og hans og mi mor.Select Romans 16:13
14Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas og brørne hjå deim.Select Romans 16:14
15Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas og alle dei heilage som er hjå deim.Select Romans 16:15
16Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.Select Romans 16:16
17Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de hev augo med deim som veld usemja og støytarne mot den læra som de hev lært, og haldt dykk ifrå deim.Select Romans 16:17
18For slike folk tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sine fagre ord og sin smeikjande tale dårar dei hjarto på dei godtrugne.Select Romans 16:18
19For ordet um dykkar lydnad er kome utyver til alle; difor gled eg meg yver dykk, men eg ynskjer at de skal vera vise til det gode og reine for det vonde.Select Romans 16:19
20Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føterne dykkar! Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk!Select Romans 16:20
21Timoteus, min medarbeidar, og Lukius og Jason og Sosipater, skyldingarne mine, helsar dykk.Select Romans 16:21
22Eg, Tertius, som skriv brevet, helsar dykk i Herren.Select Romans 16:22
23Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren i byen, helsar dykk, og broderen Kvartus.Select Romans 16:23
24Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.Select Romans 16:24
25Men han som er megtig til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider,Select Romans 16:25
26men no er komen til synes, og i profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru,Select Romans 16:26
27han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen.Select Romans 16:27
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain