Skip to content
Church.wiki
Romans

Romans 8

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1So er det då ingi fordøming for deim som er i Kristus Jesus.Select Romans 8:1

2For i Kristus Jesus hev livsens ånds-lov gjort meg fri frå synde- og daude-lovi.Select Romans 8:2

3For det som var umogelegt for lovi, av di ho var magtlaus ved kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen son i syndigt kjøts likning og for syndi skuld og fordømde syndi i kjøtet.Select Romans 8:3

4So skulde lovkravet verta fullnøgt i oss som ikkje ferdast etter kjøtet, men etter Anden.Select Romans 8:4

5For dei som er etter kjøtet, trår etter det som høyrer kjøtet til, men dei som er etter Anden, trår etter det som høyrer Anden til.Select Romans 8:5

6For kjøtsens trå er daude, men Andens trå er liv og fred,Select Romans 8:6

7etter di kjøtsens trå er fiendskap mot Gud - for det er ikkje Guds lov lydugt, ja, kann ikkje vera det heller -Select Romans 8:7

8og dei som er i kjøtet, kann ikkje tekkjast Gud.Select Romans 8:8

9Men de er ikkje i kjøtet, men i Anden, so framt Guds Ande bur i dykk; men hev ein ikkje hev Kristi Ande, so høyrer han ikkje honom til.Select Romans 8:9

10Men er Kristus i dykk, so er vel likamen daud for synd skuld, men åndi er liv for rettferd skuld.Select Romans 8:10

11Men dersom Anden hans som vekte Jesus upp frå dei daude, bur i dykk, so skal han som vekte Kristus upp frå dei daude, ogso gjera dykkar døyelege likamar livande for sin Ande skuld, som bur i dykk.Select Romans 8:11

12So stend me då, brør, ikkje i skuld til kjøtet, so me skulde liva etter kjøtet.Select Romans 8:12

13For liver de etter kjøtet, skal de døy; men døyder de likamens gjerningar ved Anden, då skal de liva.Select Romans 8:13

14For so mange som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born.Select Romans 8:14

15For de fekk ikkje ein trældoms-ande, so de atter skulde ræddast, men de fekk ei barnekårs-ande, som gjer at me ropar: «Abba, Fader!»Select Romans 8:15

16Anden sjølv vitnar med vår ånd at me er Guds born.Select Romans 8:16

17Men er me born, so er me ervingar og, det er Guds ervingar, og Kristi medervingar, so framt me lid med honom, for at me skal verta herleggjorde med honom.Select Romans 8:17

18For eg held so fyre, at lidingarne i den nærverande tidi er ikkje vyrdande mot den herlegdomen som skal openberrast på oss.Select Romans 8:18

19For skapningen lengtar og stundar etter Guds borns openberring;Select Romans 8:19

20for skapningen vart lagd under vesaldomen - ikkje godviljugt, men etter hans vilje som lagde honom derunder -Select Romans 8:20

21i von um at skapningen og skal verta frigjord frå trældomen under forgjengelegdom til fridomen i Guds borns herlegdom.Select Romans 8:21

22For me veit at all skapningen sukkar saman og lid sår verk saman alt til no;Select Romans 8:22

23ja, ikkje berre det, men me og, som hev Anden til fyrstegrøda, jamvel me sukkar med oss sjølve, med di me stundar etter barnekåret, vår likams utløysing.Select Romans 8:23

24For i voni er me frelste; men ei von som ein ser, er ingi von; kvifor skulde ein vona det ein ser?Select Romans 8:24

25Men vonar me det me ikkje ser, so stundar me etter det med tolmod.Select Romans 8:25

26Men like eins kjem Anden og vår vanmagt til hjelp; for me veit ikkje kva me skal beda um, so som me treng det, men Anden sjølv gjeng i bøn for oss med usegjelege sukkar,Select Romans 8:26

27og han som ransakar hjarto, veit kva Anden trår etter; for etter Guds vilje gjeng han i bøn for dei heilage.Select Romans 8:27

28Og me veit at alle ting tener deim til gode som elskar Gud, dei som er kalla etter hans rådgjerd.Select Romans 8:28

29For dei som han kjende fyreåt, dei hev han og kåra fyreåt til å likjast bilætet av Son hans, so han skulde vera den fyrstefødde millom mange brør;Select Romans 8:29

30og dei som han kåra fyreåt, deim hev han og kalla, og dei som han kalla, deim hev han og rettferdiggjort, og dei som han rettferdiggjorde, deim hev han og herleggjort.Select Romans 8:30

31Kva skal me då segja um dette? Er Gud med oss, kven er då imot oss?Select Romans 8:31

32Han som ikkje sparde sin eigen son, men gav honom for oss alle, kor skulde han ikkje og gjeva oss alle ting med honom?Select Romans 8:32

33Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som rettferdiggjer.Select Romans 8:33

34Kven er den som fordømer? Kristus er den som hev døytt, ja, endå meir, som er uppvekt, som og er ved Guds høgre hand, som og gjeng i bøn for oss.Select Romans 8:34

35Kven skal skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsla eller hugverk eller forfylgjing eller hunger eller klædeløysa eller fåre eller sverd?Select Romans 8:35

36som skrive stend: «For di skuld vert me drepne all dagen; me er rekna som slagtesauer.»Select Romans 8:36

37Men i alt dette vinn me meir enn siger ved honom som elska oss.Select Romans 8:37

38For eg er viss på at korkje daude eller liv, korkje englar eller herrar, korkje det som no er eller det som koma skal eller nokor magt,Select Romans 8:38

39korkje høgd eller dypt eller noko annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.Select Romans 8:39

Next: Romans 9Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Romans

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.