Song of Songs 1
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Høgsongen av Salomo.Select Song of Songs 1:1
2«Han meg kysse med kyssar av sin munn. For din elsk han er betre enn vin.Select Song of Songs 1:2
3Dine salvar angar so ljuvt, ein utrend salve er ditt namn. Difor held møyar dei elskar deg.»Select Song of Songs 1:3
4«Drag meg etter deg. Og me spring. Kongen hev ført meg til sitt hus.» «Me vil fagnast og frygdast i deg. Me vil lova din kjærleik meir enn vin.» Med rette elskar dei deg.Select Song of Songs 1:4
5«Eg er brun, men like vel væn, de Jerusalems døtter, som Kedars tjeld, som Salomos dørtjeld.Select Song of Songs 1:5
6Sjå ikkje på at eg er so brun, at soli hev brent meg so. Mor sine søner harmast på meg, og meg sette til vingardsvakt. Eg hev ikkje vakta eigen gard.Select Song of Songs 1:6
7Seg, du som leikar i min hug, kvar gjæter du no? Kvar held du middagskvild? Må eg sleppa på villa å ganga i hjordi til felagarn’ dine.»Select Song of Songs 1:7
8«Um du ikkje det veit, du fagraste dros, du fylgje i drifti sitt spor og gjæt dine killingar fram der som hyrdingarn’ buderne hev.»Select Song of Songs 1:8
9«Med folarn’ for Faraos vogn deg, min hugnad, eg liknar.Select Song of Songs 1:9
10Di lekkjeprydde kinn er so væn, og din hals med perlor.Select Song of Songs 1:10
11Lekkjor av gull skal du få med sylv-prikkar på.»Select Song of Songs 1:11
12«Når kongen i laget sit sat, min narde han anga då.Select Song of Songs 1:12
13Ein myrra-pung er min ven, som eg ber ved min barm.Select Song of Songs 1:13
14Ein cyper blom-dusk er min ven meg i En-Gedis hagar.»Select Song of Songs 1:14
15«Å, kor du er fager, mi møy, kor du er fager! Dine augo er duvor.»Select Song of Songs 1:15
16«Å, kor du er fager, min ven, kor du er ljuv. Og vårt lægje er grønt.Select Song of Songs 1:16
17Cedrar er bjelkarn’ i vårt hus, cypressar er himling.»Select Song of Songs 1:17
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation