Skip to content
Church.wiki
Song of Songs

Song of Songs 2

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1«Ein engblom frå Saron er eg, ei lilja frå dalom.»Select Song of Songs 2:1

2«Ja, som ei lilja i klunger-holt millom møyar min hugnad er.»Select Song of Songs 2:2

3«Liksom ein apall, i skogen stend er venen min millom sveinar. Eg sitje so ljuvt i skuggen hans, og søt er frukti i munn.Select Song of Songs 2:3

4Inn i vinhuset hev han meg ført, og hans merke yver meg det er kjærleik.Select Song of Songs 2:4

5Å, styrk meg med druvekakor, med eple meg kveik! For eg er sjuk av kjærleik.Select Song of Songs 2:5

6Hans vinstre hand er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.Select Song of Songs 2:6

7Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, ved gasellor og hindar i skog, at ikkje de vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil!»Select Song of Songs 2:7

8«Høyr! Min ven! Sjå der, han kjem! Yver fjelli, sjå, han sprett, yver haugarne han renn.Select Song of Songs 2:8

9Min ven ei gasella er lik eller som ungan hjort. Sjå der! No han stend attum vår vegg. Gjenom glyttom ser han inn.Select Song of Songs 2:9

10Han tek til min ven å tala til meg: «Du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom ut!Select Song of Songs 2:10

11For sjå, no er vinteren slutt, regnet hev kvorve burt.Select Song of Songs 2:11

12Du ser blomarne sprett utpå voll. D’er det bilet dei vintrei skjer, og turtelduva ho syng i vårt land.Select Song of Songs 2:12

13Fiketreet skyt frukt, vintrei stend alt i blom med angande dåm, du, min hugnad, statt upp, du, mi fagre, kom!Select Song of Songs 2:13

14Du, mi duva, i bergeskard, som i fjellveggen sit, lat ditt andlit meg sjå, lat meg høyra ditt mål, for ditt mål er so ljuvt, og ditt andlit so vænt.»Select Song of Songs 2:14

15«Fare av og revarne slå, dei revarne små, som i hagom mun gå, for hagarne no, dei tek til å gro.»Select Song of Songs 2:15

16Min ven er min, og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»Select Song of Songs 2:16

17«Skrid du, min ven, til dagen vert sval, og skuggarne flyr, ei gasella lik eller ungan hjort uppi skardefjellom.»Select Song of Songs 2:17

Next: Song of Songs 3Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Song of Songs

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.