Song of Songs 4
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1«Å, kor du er fager, min hugnad, kor du er fager! Dine augo er duvor, glytter fram attum slør. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.Select Song of Songs 4:1
2Dine tenner som nyklypte sauer, nett komne frå laug. Tvillingar alle dei hev, og utan lamb er ingen.Select Song of Songs 4:2
3Dine lippor ei purpursnor er, og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot er din tinning glytter fram attum slør.Select Song of Songs 4:3
4Som Davids-tårnet din hals, for stridsfolk bygt; tusund skjoldar på det heng, alle skjoldar åt kjemporne.Select Song of Songs 4:4
5Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella som beiter millom liljor.Select Song of Songs 4:5
6Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen.Select Song of Songs 4:6
7Alt ved deg er fagert, min hugnad, du lytelaus er.»Select Song of Songs 4:7
8«Med meg frå Libanon, brur, med meg frå Libanon kom! Stig fram frå Amanas tind, frå Senir og Hermons topp, frå løveheimar og panterfjell.Select Song of Songs 4:8
9Du hev trylt meg, mi syster, mi brur, du trylt meg med eit einaste augnekast, med ei einaste lekk i din halsring.Select Song of Songs 4:9
10Kor fager er din elskhug, mi syster, mi brur, kor tjuvleg din elskhug framum vin, kor dei angar dine salvar framum balsam all.Select Song of Songs 4:10
11Av honning dryp dine lippor, mi brur, tunga di gøymer honning og mjølk, dine klæde hev ein dåm som frå Libanon sjølv.Select Song of Songs 4:11
12Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei attsigla kjelda,Select Song of Songs 4:12
13som ein granattre-park skyt du upp med gildaste frukt, med cyper og nardeblom,Select Song of Songs 4:13
14med narde, safran, kalmus, kanel og dåmurt av alle slag, myrra og aloe og dei beste av alle slag kryddor,Select Song of Songs 4:14
15som ei hagekjelda, ein brunn med rennande vatn, med tilsig frå Libanon.»Select Song of Songs 4:15
16«Vakna, nordanvind, kom, du sunnanvind, gjenom hagen min blås, so angen fær strøyma, og venen til hagen sin kjem og et si kostelege frukt!»Select Song of Songs 4:16
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation