Song of Songs 5
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1«Ja, eg kjem til min hage, mi syster, mi brur, min myrra og balsam eg plukkar, mitt brød og min honning eg et og drikk min vin og mi mjølk. Ete lagsbrør, drikk dykkar nøgd, vener.»Select Song of Songs 5:1
2«Eg låg og sov. Men mitt hjarta vakte, høyr! Der bankar min ven: Mi syster, min hugnad, lat upp, du mi duva, mi frægd! Mitt hovud er vått, av nattedogg lokkarne dryp.»Select Song of Songs 5:2
3«Eg hev teke av meg kjolen, skal eg klæda på meg att? Eg hev tvege mine føter, skal eg sulka deim til att?»Select Song of Songs 5:3
4Min ven rette handi gjenom loka inn, då kløkktest mitt hjarta for hans skuld.Select Song of Songs 5:4
5So reis eg upp, vilde opna for min ven, av handi mi myrra det draup, av fingrarne rennande myrra det flaut og på dørlåset rann.Select Song of Songs 5:5
6So opna eg døri for min ven - då venen var kvorven burt. Og hugsprengd eg tenkte på hans ord. Eg søkte, men ikkje honom fann. Eg ropa på han, men ikkje gav han svar.Select Song of Songs 5:6
7Meg vaktaran’ møtte som i byen sveiv, dei meg slo, gav meg sår, og sløret ifrå meg dei tok, vaktaran’ på murom.Select Song of Songs 5:7
8Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, um de skulde finna min ven, - ja, kva skal de honom segja? - At sjuk av kjærleik eg er.Select Song of Songs 5:8
9«Kva er din ven framom andre vener, du fagraste dros? Kva er din ven framum andre, når du naudbed oss so?»Select Song of Songs 5:9
10«Min ven er ljosleitt og raud, utmerkt framum ti tusund.Select Song of Songs 5:10
11Hovudet skiraste gull, palmegreiner er lokkarn’, svarte som ein ramn.Select Song of Songs 5:11
12Augo som duvor ved rennande å, dei som laugar seg i mjølk ved braddfull sjø.Select Song of Songs 5:12
13Kinni som balsam-sengjer, som dåmurt-skrin. Lipporne liljor, som dryp av rennande myrra.Select Song of Songs 5:13
14Henderne teiner av gull med krysolitar sette, midja av filsbein med safirar prydd.Select Song of Songs 5:14
15Føterne marmor-stolpar på fine gull-stettar. Som Libanon er han å sjå, som ein ceder traust.Select Song of Songs 5:15
16Hans munn er søt, hugnad er han all. Slik er venen og felagen min, de Jerusalems døtter.»Select Song of Songs 5:16
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation