Song of Songs 6
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1«Kvar helst er han gjengen, din ven, du fagraste dros? Kvar helst hev din ven svive av, so me kann leita med deg?»Select Song of Songs 6:1
2«Min ven gjekk til hagen sin ned, til balsam-sengjer, til å gjæta i hagom og liljor sanka.»Select Song of Songs 6:2
3«Min ven er min og eg er hans, han som gjæter millom liljor.»Select Song of Songs 6:3
4«Du er fager, du min hugnad, som Tirsa, som Jerusalem er du frid, som herfylgje ageleg.Select Song of Songs 6:4
5Snu augo dine ifrå meg, for dei magtstel meg. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.Select Song of Songs 6:5
6Dine tenner ein flokk med sauer, komne upp or laug, med tvillingar alle, utan lamb er ingen.Select Song of Songs 6:6
7Som eit granateple-brot din tinning glytter fram attum slør.Select Song of Songs 6:7
8Seksti dronningar, åtteti fylgjekvende, av møyar ein endelaus lyd.Select Song of Songs 6:8
9Men ei einast’ mi duva, mi frægd, einaste barnet til mor, brikna hennar som henne åtte. Ho vert sælka av møyar, henne ser, av dronningar og fylgjekvende lova.»Select Song of Songs 6:9
10«Kven er ho som lik morgonroden gloser, som fullmånen fager, brikjeleg som sol, som herfylgje ageleg?»Select Song of Songs 6:10
11«Eg gjekk ned i natahagen, vilde sjå kor det grønkast i dale, vilde sjå um vintreet spratt, um granateple-treet bar blom.Select Song of Songs 6:11
12Eg visste ’kje av, fyrr hugen meg drog og meg sette på mitt gjæve folks vogn.»Select Song of Songs 6:12
13«Å, snu deg, snu deg, Sulammit! Snu deg, snu deg, so me deg ser.» «Kva er det å sjå på Sulammit?» «Ein dans som i Mahanajim.»Select Song of Songs 6:13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation