Song of Songs 7
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1«Kor fagert din fot stig på skoen, du gjævings møy. Dine lender er bogne som ei sylgja, smidd av ei kunstnarhand.Select Song of Songs 7:1
2Fanget som skåli rund, ho aldri vante vin. Livet ein kveitehaug med liljor ikring.Select Song of Songs 7:2
3Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella.Select Song of Songs 7:3
4Din hals som eit filsbeinstårn, augo som Hesbons tjørner ved Bat-rabbims port. Nasen som Libanons tårn, som vender imot Damaskus.Select Song of Songs 7:4
5Ditt hovudet som Karmel ris upp, og lokkarne purpur er, ein konge i flettom er fanga.»Select Song of Songs 7:5
6«Å, kor fager, kor frid du er, du kjærleik so hugnadrik!Select Song of Songs 7:6
7Som ei palma er du i vokster, som druvor din barm.Select Song of Songs 7:7
8Eg meiner upp i palmen eg stig, i stylkerne tek eg tak, din barm skal vera som druvor, din ande er som dåm av eple.Select Song of Songs 7:8
9Og munnen som ljuvaste vin.» «Som lett glid ned for min ven og kveikjer sovandes lippor.Select Song of Songs 7:9
10Til min ven høyrer eg, og til meg stend hans trå.»Select Song of Songs 7:10
11«Kom so min ven, ut på marki lat oss gå og i byom oss kvara!Select Song of Songs 7:11
12Og i otta inni vingardom sjå, um vintreet sprett, um knupparne spring, um granattreet blømer! Der vil eg gjeva min elsk til deg.Select Song of Songs 7:12
13Frå kjærleiks-epli strøymer ein fræn, alle slag frukt er ved dørom. Nye og gamle, min ven, hev eg gøymt til deg.Select Song of Songs 7:13
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation