Skip to content
Church.wiki
Song of Songs

Song of Songs 8

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Å, gjev at du var som ein bror for meg, hadde soge mor sitt brjost. Um eg då fann deg der ute, eg deg kysste, og ingen meg neiste for det.Select Song of Songs 8:1

2Eg leidde deg, førde deg til mor sitt hus, og du lærde meg, eg kryddevin gav deg, saft frå mitt granattre.Select Song of Songs 8:2

3Hans vinstre er under mitt hovud, med den høgre femner han meg.Select Song of Songs 8:3

4Eg hjarteleg bed dykk, Jerusalems døtter, at de ikkje vekkje eller eggje kjærleik, fyrr sjølv han so vil.»Select Song of Songs 8:4

5«Kven er ho som frå heidi stig upp, studd til sin ven?» «Under apallen vekte eg deg. Der åtte ho deg di mor, der fekk ho deg ho som deg fødde.»Select Song of Songs 8:5

6«Ved hjarta meg hav som eit segl, som eit segl på din arm. Kjærleik som dauden er sterk, som helheimen strid i si trå. Ho logar som logande eld, gneisten frå Herren.Select Song of Songs 8:6

7Kor store vatni so er, dei aldri fær kjærleik sløkt, ingi elvar kann fløyma han burt. Um du alt som du åtte for kjærleik baud, so vart du berre til narr.»Select Song of Songs 8:7

8«Ei liti syster me eig, ho hev ingen barm. Kva skal me med syster gjera, den tidi når belarar kjem?»Select Song of Songs 8:8

9«Er ho ein mur, me byggjer på den ein murkrans av sylv. Men er ho ei dør, me stengjer ho att med eit cederspjeld.»Select Song of Songs 8:9

10«Eg er ein mur, og min barm som tårni på den. Då vart eg i augo hans ei som finn fred.Select Song of Songs 8:10

11I Ba’al-Hamon ein vingard hev Salomo ått. Han garden til vaktarar gav. Kvar mann for dråtten fekk dei tusund sekel sylv.Select Song of Songs 8:11

12Min vingard den hev eg sjølv, dine tusund du Salomo tak, tvo hundrad på vaktaran’ fell.Select Song of Songs 8:12

13Du som bur inni hagom, felager lyder, lat meg høyra ditt mål!»Select Song of Songs 8:13

14«Å fly, du min ven, ei gasella lik eller ungan hjort på dei angande fjellom!»Select Song of Songs 8:14

Next: Isaiah 1Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Song of Songs

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.