Skip to content
Church.wiki
Titus

Titus 1

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Paulus, Guds tenar og Jesu Kristi apostel til å føra Guds utvalde til tru og til å kjenna den sanning som høyrer til gudlegdom,Select Titus 1:1

2i von um ævelegt liv, som Gud, han som ikkje lyg, hev lova frå ævelege tider,Select Titus 1:2

3men no i si tid hev han openberra sitt ord ved den forkynning som vart meg yvergjevi etter Guds, vår frelsars, fyresegn -Select Titus 1:3

4til Titus, min egtefødde son i den sams trui: Nåde og fred frå Gud Fader og Kristus Jesus, vår frelsar!Select Titus 1:4

5For den skuld let eg deg etter på Kreta, at du skulde skipa til det som vanta, og setja inn eldste i kvar by, so som eg pålagde deg,Select Titus 1:5

6um det er nokon som er ulastande, mann til ei kvinna, hev truande born som ikkje hev vondt ord for skamløysa eller er ulyduge.Select Titus 1:6

7For ein tilsynsmann skal vera ulastande som ein Guds hushaldar, ikkje sjølvgod, ikkje vondlyndt, ikkje drikkekjær, ikkje hardhendt, ikkje lysten etter låk vinning,Select Titus 1:7

8men gjestmild, glad i det gode, visleg, rettferdig, heilag, fråhalden,Select Titus 1:8

9ein som held seg til det truverdige ord etter læra, so han kann vera før både til å påminna med den heilsame læra og til å tala deim til rettes som segjer imot.Select Titus 1:9

10For det er mange agelause, som fer med fåfengd tale og dårar hugen, mest dei av umskjeringi.Select Titus 1:10

11Desse skal ein målbinda; for dei riv ned heile hus, med di dei lærer slikt som ikkje sømer seg, for skamleg vinning skuld.Select Titus 1:11

12Ein av deim, deira eigen profet, hev sagt: «Kretarar er alltid ljugarar, vonde dyr, late bukar.»Select Titus 1:12

13Dette vitnemålet er sant; difor skal du refsa deim strengt, so dei må verta heile i truiSelect Titus 1:13

14og ikkje ansa jødiske eventyr og bod av menneskje som vender seg frå sanningi.Select Titus 1:14

15Alt er reint for dei reine; men for dei ureine og vantruande er ingen ting rein; men både deira hug og samvit er ureine.Select Titus 1:15

16Dei segjer at dei kjenner Gud; men i sine gjerningar forneittar dei honom, med di dei er styggjelege og ulyduge og duglause til all god gjerning.Select Titus 1:16

Next: Titus 2Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Titus

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses a voice on this device.