Zechariah 10
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources
1Herren må de beda um regn i tidi for vårregnet, Herren er det som skaper torever, og han sender fossande flod-skurer, gjev grøda på marki for kvar ein mann.Select Zechariah 10:1
2Men husgudarne talar fåfengd, og spåmennerne ser falske syner. Tome draumar talar dei, og svikfull er deira trøyst. Difor laut dei reika ikring som ein saueflokk og lida vondt av di det ikkje er nokon hyrding.Select Zechariah 10:2
3Mot hyrdingarne er harmen min kveikt, og bukkarne vil eg heimsøkja, ja, Herren, allhers drott, ser til si hjord, Judas hus, og gjera henne til stashesten sin i striden.Select Zechariah 10:3
4Frå det skal koma hyrnestein, frå det skal koma nagle, frå det skal koma stridsboge, frå det skal kvar einaste styresmann koma.Select Zechariah 10:4
5Og dei skal vera lik kjempor som gjeng fram i striden nett som dei trakka i gateskarn; ja, strida skal dei; for Herren er med deim, og dei som rid på hestar, skal verta til skammar.Select Zechariah 10:5
6Og eg vil gjera Judas hus sterkt, og Josefs hus skal eg frelsa; ja, eg fører deim atter heim; for eg vil miskunna deim, og dei skal vera liksom eg aldri hadde støytt deim burt. For eg er Herren, deira Gud, og eg skal bønhøyra deim.Select Zechariah 10:6
7Efraims menner skal verta lik velduge kjempor, og hjarto deira skal gleda seg liksom av vin. Sønerne deira skal sjå det med fagnad; deira hjarto skal frygda seg i Herren.Select Zechariah 10:7
8Eg vil blistra på deim og samla deim; for eg hev løyst deim ut, og dei skal verta likso mangmente som dei fordom var.Select Zechariah 10:8
9Eg vil så deim ut millom folki; men på dei framande stader skal dei minnast meg, og dei skal liva med borni sine og venda heim att.Select Zechariah 10:9
10Ja, eg let deim koma heim frå Egyptarland, og frå Assur skal eg samla deim; til Gileadlandet og til Libanon fører eg deim, og der skal det skorta på rom åt deim.Select Zechariah 10:10
11Han skal draga fram gjenom havet i trengsla; bylgjorne skal slå ned i havet, og alle djupi i Nilen skal turkast ut; Assurs byrgskap skal støytast ned, og kongsstaven skal vika frå Egyptarland.Select Zechariah 10:11
12Men deim skal eg gjera sterke i Herren, og i hans namn skal dei ferdast, segjer Herren.Select Zechariah 10:12
Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation