Skip to content
Church.wiki
Zechariah

Zechariah 12

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB

Modern translations such as the NIV or ESV are not available yet. They need a license, and we will add them when one is in place. All translations and their sources

Start reading

1Ei framsegn, Herrens ord um Israel. So segjer Herren som spana ut himmelen, grunnfeste jordi og skaper ånd i mannebarm:Select Zechariah 12:1

2Sjå, eg gjer Jerusalem til ei tumleskål for alle folki rundt ikring, og jamvel yver Juda skal det koma når Jerusalem vert kringsett.Select Zechariah 12:2

3På den dagen skal eg gjera Jerusalem til ein lyftestein for alle folki; alle dei som lyfter på honom, skal riva seg sund, og alle folki på jordi skal flokka seg imot det.Select Zechariah 12:3

4På den dagen, segjer Herren, skal eg slå alle hestarne med villska og hestfolki med vitløysa; men yver Judas hus skal eg vaka, og alle hestarne åt folki slær eg med blindskap.Select Zechariah 12:4

5Då skal ættehovdingane i Juda segja med seg sjølve: «Vår styrke er dei som bur i Jerusalem, ved Herren, allhers drott, deira Gud.»Select Zechariah 12:5

6På den dagen skal eg lata ættehovdingarne i Juda verta liksom ei glodpanna i ein vedhaug og ein brennande kyndel midt i ein halmdunge, og dei skal brenna upp alle folki rundt ikring; men Jerusalem skal framleides bu trygt på sin stad, i Jerusalem.Select Zechariah 12:6

7Og fyrst skal Herren frelsa tjeldi åt Juda, so ikkje Davids hus og dei som bur i Jerusalem, skal få større heider enn Juda.Select Zechariah 12:7

8På den dagen skal Herren halda skjolden sin yver deim som bur i Jerusalem, og den veikaste stakkaren millom deim skal på den dagen vera som David, og Davids hus som Gud, som Herrens engel framfyre deim.Select Zechariah 12:8

9Og på den dagen skal eg trå etter å tyna alle heidningfolki som fer imot Jerusalem.Select Zechariah 12:9

10Men yver Davids hus og yver deim som bor i Jerusalem, skal eg renna ut nåde-anden og bøne-anden, so dei ser upp til meg som dei hev gjenomstunge, og dei skal syrgja på honom som ein syrgjer på den einborne, og klaga sårt som ein klagar yver fyrstefødde sonen.Select Zechariah 12:10

11På den dagen skal jammeren verta stor i Jerusalem liksom jammeren ved Hadadrimmon på Megiddosletta.Select Zechariah 12:11

12Og landet skal syrgja, kvar ættgrein for seg: ættgreini frå Davids hus for seg og deira kvinnor for seg, ættgreini frå Natans hus for seg og deira kvinnor for seg,Select Zechariah 12:12

13ættgreini frå Levis hus for seg og deira kvinnor for seg, Sime’is ættgrein for seg og deira kvinnor for seg;Select Zechariah 12:13

14like eins alle dei andre ættgreinerne for seg og kvinnorne deira for seg.Select Zechariah 12:14

Next: Zechariah 13Continue reading

Norwegian nynorsk, Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB). Public domain. Text from the CrossWire Bible Society module. About this translation

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Zechariah

Selected verses

Select another verse to extend the range.

Highlight

My Bible

About this name

Listen

Uses an English voice provided by your browser.