Skip to content
Church.wiki
Zechariah

Zechariah 6

Studentmållagsbibelen frå 1921

Translation: NORSMB
Start reading

1Då eg atter lyfte upp augo mine, fekk eg sjå fire vogner som kom fram millom tvo fjell, og fjelli var av kopar.Select Zechariah 6:1

2For den fyrste vogni var det raude hestar, for den andre vogni svarte hestar,Select Zechariah 6:2

3for den tridje vogni kvite hestar, og for den fjorde vogni var det flekkute sterke hestar.Select Zechariah 6:3

4Då tok eg til ords og sagde til engelen som tala med meg: «Kva skal dette tyda, Herre?»Select Zechariah 6:4

5Og engelen svara og sagde til meg: «Det er dei fire himmelvindarne. Dei hev vore kalla inn for Herren yver all jordi og fer no av stad att.Select Zechariah 6:5

6Vogni med dei svarte hestarne fer ut mot Norderlandet, dei kvite fylgjer etter deim, og dei flekkute fer utimot Sudlandet.»Select Zechariah 6:6

7Men då dei sterkaste skulde fara ut, var dei fysne etter å få fara ikring på jordi, og han sagde: «Gakk, far ikring på jordi!» Og dei for ikring på jordi.Select Zechariah 6:7

8So ropa han høgt på meg og sagde til meg: «Sjå, dei som fer ut imot Norderlandet, hev svala min harm på Norderlandet.»Select Zechariah 6:8

9Og Herrens ord kom til meg soleis:Select Zechariah 6:9

10Tak imot av Heldai, Tobia og Jedaja gåvorne frå dei landlyste, ja, gakk sjølv på denne dagen av stad til huset åt Josias Sefanjason; for dit er dei komne frå Babel,Select Zechariah 6:10

11og tak imot sylv og gull! Få so gjort ei kruna og set henne på hovudet åt øvstepresten Josva Jesadaksson!Select Zechariah 6:11

12Og seg til honom: «So segjer Herren, allhers drott: Sjå der er ein mann som heiter Renning. Frå roti si skal han renna upp, og han skal byggja Herrens tempel.Select Zechariah 6:12

13Ja, han skal byggja Herrens tempel, og han skal vinna herlegdom og sitja og styra på kongsstolen sin, og han skal vera prest på kongsstolen sin, og freds samråd skal det vera millom deim båe.Select Zechariah 6:13

14Men kruna skal vera i Herrens tempel til minne um Helem, Tobia og Jedaja og Hen Sefanjason.Select Zechariah 6:14

15Og langt burtanfrå skal dei koma og byggja på Herrens tempel, og de skal få kjenna at Herren, allhers drott, hev sendt meg til dykk. Og dette skal henda dersom de høyrer vel på røysti åt Herren, dykkar Gud.»Select Zechariah 6:15

Next: Zechariah 7Continue reading

Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain

Reading settings

Choose a passage

Old Testament

New Testament

Zechariah

Selected verses

Tap another verse to select a range.

Highlight

My Bible

Listen

Uses an English voice provided by your browser.