Zephaniah 1
Studentmållagsbibelen frå 1921
Translation: NORSMB
1Herrens ord som kom til Sefanja, son åt Kusi, son åt Gedalja, son åt Amarja, son åt Hizkia, i dei dagar då Josia Amonsson var konge i Juda.Select Zephaniah 1:1
2Burt, ja burt vil eg taka alt frå jordi, segjer Herren.Select Zephaniah 1:2
3Eg vil taka burt menneskje og dyr, taka burt fuglarne under himmelen og fiskarne i havet og støytesteinarne i lag med dei gudlause, og eg vil rydja menneski ut av jordi, segjer Herren.Select Zephaniah 1:3
4Og eg vil retta ut handi mi mot Juda og alle deim som bur i Jerusalem, og eg vil rydja ut frå denne staden den siste leivning av Ba’al, namnet åt avgudsprestarne i lag med prestarne,Select Zephaniah 1:4
5deim som på taki bed til himmelheren, deim som bed til og sver ved Herren og attpå sver ved Milkom,Select Zephaniah 1:5
6og deim som hev vendt seg burt frå Herren, og deim som ikkje hev søkt Herren og ikkje spurt etter honom.Select Zephaniah 1:6
7Ver stille for Herren, Herren! For Herrens dag er nær, Herren hev laga til eit slagtoffer, han hev vigt sine gjester.Select Zephaniah 1:7
8Og på Herrens slagtofferdag vil eg heimsøkja hovdingarne og kongssønerne og alle som klæder seg i utanlands-klæde.Select Zephaniah 1:8
9Og eg vil på den dagen heimsøkja alle deim som hoppar yver dørstokken, dei som fyller sin Herres hus med vald og svik.Select Zephaniah 1:9
10På den dagen, segjer Herren, skal det høyrast skrik frå Fiskeporten, jammer frå Nybyen og stort brak frå høgderne.Select Zephaniah 1:10
11Jamra, de som bur i Mortelen, for heile kræmerfolket er gjort til inkjes, og alle kjøpmenner utrudde.Select Zephaniah 1:11
12Og på den same tidi vil eg ransaka Jerusalem med lykter og heimsøkja dei menneskje som ligg i ro på sin berm og segjer i sitt hjarta: «Herren gjer korkje godt eller vondt.»Select Zephaniah 1:12
13Og eigedomen deira skal verta til herfang og husi deira til tjon. Hus skal dei byggja, men ikkje bu i deim, vinhagar skal dei planta, men ikkje drikka deira vin.Select Zephaniah 1:13
14Nær er Herrens dag, den store. Han er nær og kjem med stor hast. Høyr! Det er Herrens dag! Sårt skrik då kjempa.Select Zephaniah 1:14
15Ein vreide-dag er den dagen, ein dag med naud og trengsla, ein dag med øyding og audner, ein dag med myrker og dimma, ein dag med skyer og skodda,Select Zephaniah 1:15
16ein dag med lurblåster og herrop mot dei faste byar og mot dei høge murtindar.Select Zephaniah 1:16
17Då vil eg setja folk i slik angest, at dei gjeng der som blinde, for di dei hev synda mot Herren. Blodet deira skal verta burtslengt som mold, og kjøtet deira som møk.Select Zephaniah 1:17
18Korkje sylvet eller gullet deira skal kunde berga deim på Herrens vreide-dag, når elden frå hans brennhug øyder all jordi; for han vil gjera ende, ja, ein brå ende på alle deim som bur på jordi.Select Zephaniah 1:18
Studentmållagsbibelen frå 1921 (NORSMB) · Public Domain