Skip to content
Church.wiki

Psalms Psalm 80 Studentmållagsbibelen frå 1921

Poetry & wisdom · Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921 · 19 verses

Verse layout
📝 Overview of this psalm Flow, key verses and people

시편 80편은 아삽의 시로, 이스라엘을 애굽에서 옮겨 심은 포도나무에 빗대어 황폐해진 백성을 회복시켜 달라고 "이스라엘의 목자"이신 하나님께 간구하는 공동체의 탄식시이다.

Jump to verse

80Psalms · Studentmållagsbibelen frå 1921
1Til songmeisteren, etter «Liljor»; eit vitnemål av Asaf, ein salme.
2Du Israels hyrding, vend øyra til! du som fører Josef som ei hjord, du som tronar yver kerubarne, syn deg herleg!
3Vekk upp ditt velde for Efraim og Benjamin og Manasse, og kom oss til hjelp!
4Gud, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
5Herre Gud, Allhers drott! Kor lenge du frøser av harm, endå folket ditt bed!
6Du gav deim tårebrød til å eta og tåror til å drikka i fullt mål.
7Du sette oss til eit trættemål for våre grannar, og våre fiendar spottar seg imillom.
8Gud, allhers drott, reis oss upp att og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!
9Eit vintre flutte du frå Egyptarland, du dreiv heidningar ut og planta det.
10Du rudde rom for det, og det feste rot og fyllte landet.
11Fjell vart løynde av skuggen frå det, og Guds cedrar av greinerne.
12Det strekte sine greiner ut til havet, og sine renningar burt imot elvi.
13Kvi hev du rive ned gardarne ikring det, so alle som gjeng framum på vegen, plukkar av det?
14Svinet frå skogen gneg på det og dyri på marki beitar i det.
15Gud, allhers drott, vend um att! skoda ned frå himmelen og sjå og vitja ditt vintre!
16og verna um det som di høgre hand hev planta, og um den son du hev valt deg ut!
17Det er brent med eld, det er avhogge, for trugsl frå ditt andlit gjeng dei til grunnar.
18Haldt di hand yver mannen ved di høgre hand, yver menneskjesonen som du hev valt deg ut,
19so vil me ikkje vika frå deg! Gjer oss levande att, so vil me kalla på ditt namn! Herre Gud, allhers drott, reis oss upp att, og lat ditt andlit lysa, so me vert frelste!

Studentmållagsbibelen frå 1921
Tap a verse to copy, share, highlight or add a note. Dotted words link to encyclopedia articles.

19 verses in this psalm
80 / 150 psalms

The text is Studentmållagsbibelen frå 1921(노르웨이어(뉘노르스크)) — From getbible.net (CrossWire SWORD module) · license: 공개 도메인 (Public Domain) Highlights, notes and read marks stay with the chapter whichever version you read. Dotted words are people, places and terms that have an encyclopedia article (marked once per page). Highlights, notes and read marks are saved only in this browser and gathered under My marks.

Articles mentioning this psalm

More